I ytterkanten av Ryfylke, langt nord i Suldal finn du ei eksotisk og kreativ lita bygd. Nesflaten er tufta på kraft og spenning. Og spennande er det blitt for både den vesle skulen og den litle butikken. Men, bygdefolket er full av pågangsmot, og reknar med eit levande framtid for både butikk, skule, kraftutbygging og turisme. Få med deg Ryfylkepuls frå Øvre Suldal, tett mot fylkesgrensa til Vestland. Og me møter også vinnaren av den gjeve Pilt-Ola prisen, Ryfylke sin ærspris!
Godt nytt Ryfylkepuls-år!
Er du klar for å sjå tilbake, og samtidige ha blikket retta framover? Nå byr me på ein herleg Ryfylkepuls Spesial, når me startar det nye året med glimt frå fjorårets sendingar. Det blir store doningar, fredfylte fjordar, tunge løft, solide motbakkar, fruktbar satsing...