Livet som blei verd å leva

sep 12, 2023 | Framside, Nyhende

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya Finnøy, som han flykta frå som 16-åring, og aldri skulle tilbake til. Men, Oddvar Vignes er den dag i dag sikker på at utan Finnøy og bygdesamfunnet hadde han aldri levd i dag. Høyr den ærlege historia om å erfara livet og bli grensesprengande glad i det. Ja, livet. Med gard, kone og barn og eit bygdesamfunn som er der. Heilt På Ekta.

Du kan høyra denne og andre ærlege historier med ærlege ryfylkingar i Podcasten «På ekta».

Arkiv

Relaterte innlegg

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Søknadsfristen nærmar seg!

Søknadsfristen nærmar seg!

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse.  Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen "Det beste i den enkelte" er tilsette ved Strand vgs opptatt av og bevisste på å sjå...

Spring for livet

Spring for livet

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre.   Gjer deg klar for...

Pin It on Pinterest

Share This