Livleg og pulserande pendlarliv

jun 16, 2023 | Framside

Me gjev deg pendlar-Ryfylkepuls spesial. For båtane knyter framleis Ryfylke saman og saman med byen. Kos deg med herlege glimt, entusiastiske og fåmælte reisande, engasjerte kapteinar og matrosar og eit pulserande liv på kaien.

Judaberg kai på Finnøy – morgon og ettermiddag. Det er der det skjer, når folk reiser i alle himmelretningar og med alle moglege båtar. Opplagte og trøytte, med frukost i hand og ettermiddagsvaflar på kaien. Denne spesialepisoden er eit festleg kvardagsglimt frå ein litt småkald vårdag om morgonen, som tar seg skikkeleg opp solmessig til ettermiddagen. Sjå, nyt og smil!

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This