Lokalavisene i framgang

sep 29, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Avisene i Ryfylke er populære. Det er store smil å spora i redaksjonane til Strandbuen, Øyposten og Suldalsposten om dagen.

– Me har størst framgang av alle i avisene i Rogaland, slår redaksjonen i Øyposten fram.
Påstanden er for så vidt rett, om ein reknar framgang på abonnentar i prosent. Sjølv om både Stavanger Aftenblad og Sandnesposten kan skilta med større framgang i tal abonnentar, er 17 prosent auke i Øyposten øvst på prosentlista. 223 fleire abonnentar til 1539, er noko redaktør Rune Nedrebø jublar over.
– Dette er ei gledeleg utvikling for avisa vår, som kjem av hardt og målretta arbeid for å laga ei best mogleg avis, seier Nedrebø.

Størst i indre Ryfylke
I redaksjonslokala på Sand, er jubelen minst like stor blant dei tilsette i Suldalsposten. I den interne konkurransen med avisa Ryfylke i Sauda, er nå Suldalsposten størst med 2278 abonnentar, fire fleire enn Ryfylke – som sjølv har ein svak tilbakegang.
Etter fleire år med nedgang i tal på abonnentar, kom det 66 fleire for Suldalsposten første halvåret i år. 
– Lesarane våre har tatt godt imot vår nye nettløysing, og me ser at folk er svoltne på ferske, lokale nyhende, seier ein godt nøgd redaktør, Esther Moe.
Suldalsposten gjekk i mai over på ny nettløysing og eit samarbeid med avisa Agder om denne. Det har mellom anna gitt avisa ein lenge etterlengta app, med moglegheit for pushvarslar som gir abonnentane siste nytt rett i mobilen.

Strandbuen aukar kraftig
Storebror av lokalavisene i Ryfylke, Strandbuen, har bikka 5000 abonnentar når det gjeld det såkalla opplagstalet, som Landslaget for lokalaviser presenterte denne veka.
– 5041 abonnentar er 127 fleire enn for eit halvt år sidan, smiler redaktør Jens Bjørheim.
Nettavisa har nå 4400 daglege lesarar, som er meir enn 2000 fleire enn for eit år sidan. Bjørheim fortel at Amedia si overtaking av Strandbuen har medført ei vesentleg kursendring i avisa.
– Det har vore ei auka digital satsing, der det er blitt lagt mykje større vekt på nettavisa enn før. Dette tar lesarane godt imot, understrekar redaktøren i Strandbuen.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This