Lokalavisene stengjer, men kjem ut til lesarane

mar 18, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Stengte redaksjonslokale, tynnare aviser, men fullt trøkk på nettet. Dei fire lokalavisene i Ryfylke har omstilt seg raskt i denne koronakrisa.

Avisene «Strandbuen», «Øyposten», «Suldalsposten» og «Ryfylke» har alle stengt ned sine lokale. Alle som vil ta kontakt med journalistar, annonse- eller abonnementsavdelingar må nå forhalda seg til e-post, telefon, meesenger eller Facebook.
– Alle vil få tak i oss, men det må skje på andre måtar enn berre å stikka innom, uttalar redaktør i Strandbuen, Jens Bjørheim.
– Har du nødvendig ærend i Øyposten bør du inn til vidare kontakta oss på telefon eller e-post, er den klare meldinga frå redaktør Rune Nedrebø.
– I samband med den kollektive dugnaden for å hindra spreiing av koronasmitte, vel avisa Ryfylke nå å stenga dørene for publikum, fortel redaktør Knut Atle Seim, som også oppmodar alle om å ta kontakt via telefon, post eller andre digitale kommunikasjonsløysingar.
Suldalsposten legg opp til same løysingar. Ta kontakt, men ikkje fysisk.
– Avgjerda er tatt i samråd med smittevernlegen i Suldal og er eit uttrykk for at me i avisa også ønskjer å ta vår del av ansvaret for å redusera smittefaren så godt det nå lar seg gjera, forklarar redaktør Esther Moe.

Avis, tynnare avis, ikkje avis
Alle lokalavisene har utan tvil særs god dekning av lokale saker på nettet. Det aller, aller meste dreier seg, naturleg nok, om koronakrisa i Ryfylke. Papiravis blir det også, men ikkje over alt.
– Me i Suldalsposten har avgjort at me ikkje gir ut avisa i papir denne veka. Men me skal sjølvsagt halda fram å gi suldølen siste nytt på nettavisa vår. Me jobbar med å laga saker og annonsar som elektroniske avissider.  Dødsannonsar og bursdagshelsingar blir publiserte på nettsida som vanleg, fortel Esther Moe i Suldalsposten. Suldalsposten plar koma ut i papirform på tysdagar.
I nabokommunen Sauda kjem avisa Ryfylke ut tysdag og fredag. Men, avisa blir tynnare enn elles:
– Nasjonale og lokale restriksjonar som følgje av korona-pandemien gjer at mange av annonsørane våre nå avbestiller annonsar. Dette, kombinert med at avisa for tida er noko redusert på mannskapssida, gjer at lesarane nok må belaga seg på færre avissider per utgåve i vekene som kjem, er meldinga frå redaktør Knut Atle Seim og legg til:
– Ryfylke vurderer det derimot slik at det er betre med tynn avis enn inga avis, særleg i lys av rolla avisa har som formidlar av aktuelt nyheitsstoff.

Lim i lokalsamfunnet
Strandbuen vil koma ut onsdag og fredag, som vanleg, medan Øyposten kjem ut kvar torsdag.
– Avisa skal framleis koma ut, og nettavisa går som normalt med daglege nyheitsoppdateringar, er beskjeden frå Rune Nedrebø i Øyposten.
At alle avisene merkar mindre annonsetilfang for tida, er det inga tvil om. Øyposten går nå til delvis permitteringar, ettersom færre annonserer i denne krisesituasjonen.
– Me vil likevel gjera vårt beste for at Øyposten framleis skal vera staden kor du kan få nyheiter om det som kjer lokalt, formidlar Nedrebø.
Lokalavisene i Ryfylke er eit viktig lim i lokalsamfunna. Det er alle avisredaktørane klare over.
– Alle tilsette er topp motiverte og engasjerte for å delta i dugnaden og gjera jobben sin. Me er heldige som har medarbeidarar som brenn for arbeidet og som er villige til å snu seg rundt i ein fei når situasjonen tilseier det, avsluttar Jens Bjørheim i Strandbuen.

Du finn lokalavisene i Ryfylke på:

Avisa Ryfylke

Suldalsposten

Strandbuen

Øyposten

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This