Tomatgartnarane i Ryfylke kan endeleg smila litt igjen. Skyhøge energiprisar er blitt ei tung bør å bera. Men, nå er gartnarane lova betre prisar for tomatane.
– Eg har sove bra igjen dei siste nettene, seier Stig Jakob Hanasand, og avslører eit letta smil.
Han er blant eit 30 tals tomatgartnarar som har vore alvorleg uroa dei siste månadene. Prisane på straum og gass har eksplodert. Stig Jakob er ein dei som har kjent dei økonomiske konsekvensane mest på kroppen. Ikkje rart det, når han er blant tomatgartnarane som har mest planter under tak.
– Me bruker 25 millionar kilowatt timar totalt i gass og straum. Når prisen er to og ein halv gonger høgare enn til vanleg, og går frå 40 øre til 1 krone per kW, då kan folk rekna sjølv. Me får 25 millionar kroner i energiutgifter på eit år, forklarer gartnaren på Hanasand på Rennesøy.
Får betre betalt
Stig Jakob Hanasand har utvida gartneriverksemda heftig sidan bestefaren starta på Hanasand i 1936. Nå har barnebarnet 40 000 kvadratmeter med tomatar under glas, fordelt på fleire stader på Rennesøy. 60 tilsette skal sørga for at to millionar kilo tomatar er av beste kvalitet, også i 2022.
– Nå har me forhandla med omsetjarane våre, grossistleddet. Og me har gjort avtale som gjer at prisen produsenten får for vanlege runde tomatar går opp 18 prosent i forhold til i fjor. For spesialtomatar får me 10 prosent meir enn avtalt pris, som eit energitillegg, konstaterer Stig Jakob Hanasand, og vedgår:
– Jula var pyton. Heile januar var pyton. Me kjente på situasjonen, me var nervøse. Nå har omsetjarane, med BAMA i spissen, gjeve oss garanti for betre prisar. Så nå er eg glad.
Forbrukarane må truleg betala meir, men tomatgartnaren frå Rennesøy både trur og håpar nordmenn er villige til å gjera nettopp det.
Klarar ikkje seia nei
Det er heilårsdrift i Hanasand Gartneri. Ikkje i alle husa, men det er alltid mogleg å få tak i ryfylketomatar året rundt. Og her er heile verdikjeda synleg. Stig Jakob Hanasand produserer småplanter, både til seg sjølv og sel til andre.
– Desse plantene skal til Finnøy. Det er 27 dagar gamle småplanter av perletomat. Og her borte har eg småplanter av klasecherry, som eg skal ha sjølv. Dei set eg vidare inn i nabohuset om to veker, fortel Stig Jakob Hanasand.
Han likar å leika, eksperimentera og justera. Ikkje mindre enn 30 ulike tomatsortar veks i dei 40 måla med drivhus på Rennesøy. Kvifor så mykje?
– Det er små marginar me held på med, og så … har det ein tendens til å balla på seg. Eg er ikkje så flink til å seia nei.
– Til deg sjølv?
– Både til meg sjølv og, ja … viss nokon seier dei har lyst på ein spesiell sort, så seier eg, «Ja, eg fiksar det». Eg blir glad i sortane, og alle har sine eigenskapar. Dessutan diggar eg å jobba med kokkar, som har sine preferansar og likar å prøva noko nytt … så då blir det ein del ekstra for meg, ler tomatbonden.
Og nettopp nå er det grunn til å smila forsiktig optimistisk igjen.
– Nå veit eg føresetnadene. Eg veit kva energien vil kosta og eg veit kva eg får for varene mine. Så nå ligg alt ansvaret på meg til å produsera gode tomatar og nok tomatar, avsluttar tomatgartnar Stig Jakob Hanasand.