Made in Suldal

aug 7, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Fotograf: Bjørn S. Delebekk, VG.

To spenstige og treffsikre karar sikra laurdag Norge sitt tredje OL-gull i Tokyo. Det hadde dei aldri klart utan volleyballmiljøet på Sand i Suldal.

– Kan skjøna eg var oppe i natt og såg på. Eg har ikkje sove særleg mykje det siste døgnet.
Orda tilhøyrar Øyvind Marvik, Mister Toppvolley på Sand i Suldal. Formelt sett avdelingsleiar ved Sauda vidaregåande skule si toppvolleyball-linje på Sand.
Marvik kjenner svært godt gullgutane Anders Mol og Christian Sørum. Duoen tok vidaregåande utdanning på nettopp ToppVolley Norge i Indre Ryfylke.

– Det er ein mann som har ekstra del i dette gullet. Og det er Øyvind Marvik, uttalte trenar og far Kåre Mol til Discoverykanalen etter OL-triumfen.
– Eg blir jo litt audmjuk når eg høyrer slikt, kjem det litt toleg frå Øyvind Marvik.
– Kva er di forteneste i denne triumfen då?
– Eg har fått vore del av eit fantastisk team som har drive i 17 år. På ToppVolley Norge på Sand har me våga å snakka i store bokstavar. Me har våga å drøyma. Ein må tru på det sjølv. Hugs at vår visjon er maken skal ikkje finnast, understrekar Øyvind Marvik.

– Anders og Christian er unike rollemodellar på mange vis, understrekar Øyvind Marvik, avdelingsleiar ved ToppVolley Norge på Sand.
Foto: Kristofer Ryde, Negative

– Kulturberarar
Og maken har aldri funne stad i Norge. Anders Mol og Christian Sørum er dei første nordmenn som har tatt OL-medalje i sandvolleyball, ein idrett som har vore på OL-programmet sidan 1996.
– Anders og Christian er heilt unike. Saman med støtteapparatet, delar dei med seg, av kunnskap og ja, energi til andre. Dei er rollemodellar på mange vis.
– Av alle elevane som har gått på Topp Volley på Sand, korleis vil du skildra dei to?
– Du kjenner det når dei to kjem inn i rommet. Dei er kulturberarar. Du kan ikkje bli best i verda utan gode verdiar i botn.
– Kva verdiar då?
– Dei veit at om ein skal nå toppen, klarer du ikkje det åleine. Dei forstår at dei må ha andre med seg, og at dei sjølve må bidra overfor andre, legg den stolte avdelingsleiaren til.
Han såg med ein gong at det var noko spesielt med Sørum og Mol. 1995-modell Christian Sørum kom til Sand først, i 2011. 97-modell Anders Mol byrja på skulen to år etter, og voks 20 centimeter undervegs. Og minst like mykje mentalt.
– Begge har enorm evne til å fokusera. Og eg hugsar Anders var skada eit heilt skuleår. Likevel stilte han på kvar treningsøkt, og hadde alternativt opplegg. Eg minnest han sat på kne i sanden og trena, fortel Øyvind Marvik.

Unikt konsept
Det var nok mange som heva augebryna då ideen om ei landslinje for volleyball på Sand, blei presentert for vel 20 år sidan. Øyvind Marvik har vore med i heile fasen frå idé, avgjerd, avtalar, dei første elevane som kom i 2004 og nå ser han fram til at 76 elevar er klare for skuleåret 2021-22.
– Det som har vore heilt avgjerande for oss er samarbeidet offentleg, særforbund og næringsliv. Og me tenkjer langsiktig i hop. Det er skule, idrett og sosial utdanning, påpeikar Øyvind Marvik.
Han snakkar om kombinasjonen Rogaland Fylkeskommune, Suldal kommune, Sauda kommune, Norges Volleyballforbund og Statkraft. Partane som seinare i månaden signerer ny langsiktig avtale.
– Og elevane står i fokus. Me skal leggja til rette for at dei får ut sitt potensiale på skulen og på idrettsbanen. Det er heile pakka. Me skal skapa gagns menneske, der skule, idrett og internat går hand i hand. Der har eg fantastiske kollegaer med meg.

Det er i denne hallen at gullvinnarane gjekk på skule og framleis trenar. Er det nye verdsstjerner på veg ut frå skulen i Suldal?
Foto: Kristofer Ryde, Negative

Feiring og nye mål
– Korleis feirar ein OL-gullet i Suldal?
– Nei, du veit me er sindige folk. Vel, når elevane kjem skal me ha ei markering. Men, så kjem Christian og Anders sjølv til Suldal i september. Då skal me ha ei skikkeleg feiring.
– Så dei kjem tilbake til skulen?
– Å ja. Dei har basen sin her. Nå i koranatida, er det her dei i hovudsak har trena, seier Øyvind Marvik, og har verkeleg fått tru på framtida:
– Me har berre sett starten på volleyballeventyret i Norge. Nå skal me saman ta ytterlegare steg. Til neste OL må me ha med eit damelag, og stilla med to herrelag.
– Og hadde Sørum og Mol tatt gull utan at dei hadde gått på ToppVolley Norge på Sand?
– Det hadde nok vore vanskelegare for dei ja, nikkar Øyvind Marvik, Mister ToppVolley og skal ha si ære for OL-gullet i Tokyo.

Arkiv

Relaterte innlegg

Energisk bålkos frå Finnøy

Energisk bålkos frå Finnøy

Kos deg med magasin tre av Ryfylkepuls. Og i denne oktobersendinga tar me pulsen på Finnøy i Stavanger. Sending nummer tre av Ryfylkepuls er frå tomatøya Finnøy. Og her blir det spennande tema rundt eit bål i fjæresteinane. Kva satsar ungdomen frå Finnøy på? Kor skal...

Arena Ryfylke – tett på

Arena Ryfylke – tett på

Ja, det blir både tett på Ryfylke og tettare på kvarandre. Er du nysgjerrig på kva som rører seg i Ryfylke? Lyst på spennande bedriftsbesøk, gode smakar og ein herleg dag i Hjelmeland? Då er Arena Ryfylke 11. november noko for deg. Endeleg kan me møtast igjen, utan...

Juvelen Nordmarka

Juvelen Nordmarka

Heile 100 mål er tilrettelagt for næring. Nå tar interessa for alvor av. Tau Næringspark er blitt populært. - Me skulle vera klare til Ryfast opna. Det klarte me, og me merkar verkeleg at fleire vil etablera seg her.Hogne Fjellanger ser stolt rundt...

Pin It on Pinterest

Share This