Matgleder frå Ryfylke – sjå dei første oppskriftene!

jul 3, 2023 | Framside, Nyhende

Ryfylke er eit matfat, eit spiskammer av dei sjeldne. Og me vil gje deg inspirasjon! I Ryfylke finn du all verdas godsaker gjennom alle årstider, frå fjord, jord, fjell og beite. Dessutan har me mange dyktige kokkar, som er bevisste på å bruka råvarer og produkt frå Ryfylke. Svolten? Lyst å bli inspirert til å laga god mat, ut frå godsakene du finn i Ryfylke. Her gjev kokkar og fagfolk deg tips. Dei første matrettane er klare!

Kveite og gode grønsaker frå Ryfylke

Nicholas Guindani freistar med kveite og grønt frå Ryfylke. Nicholas driv til dagleg Kraft Kafe i Sauda, og er svært opptatt av å nytta det som sesongen byr på i Ryfylke. 25. mai sende me Ryfylkepuls direkte frå nettopp Kraft Kafe, og Nicholas laga eit herleg måltid på direkten!

Pannesteikt lange med gnocchi og tomat

Sebastian Schläwicke byr på kombinasjonen lange, tomat, grønt, eplesider og gnocchi. Ja, gnocchi er ein type pasta laga med potet. Med herleg utsikt over Jøsenfjorden ein solrik dag på Hjelmeland, lagar Sebastian denne friske retten frå sin base på Smaken av Ryfylke. På to enkle minutt kan du sjå korleis Sebastian tryllar fram fiskeretten. 

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...

Pulserande Arena Ryfylke

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Pin It on Pinterest

Share This