Etter ein intens finale, var det Stay Keeg frå Sand som til slutt stakk av med sigeren. Då vinnaren skulle avgjerast ende både Sand og Tryggheim Strand med 51 poeng, av 57 moglege. Det var difor, for fyrste gong i Ryfylkequizhistorien, nødvendig med bonusoppgåver for å kåra ein vinnar. Leandra, Vlada og Prezemek trekte det lengste strået og kunne jubla over sigeren, på heimabane!



Den sjuande Ryfylkequizfinalen gjekk føre seg i Kulturhuset i Suldal på Sand. Med proff rigg og flinke ungdommar vart finalen eit veldig kjekt arrangement, både som live underhalding og som TV-sending. Spenninga var høg og publikum var heilt med, frå start til slutt.
Quizen fekk testa 8. klasssingane sine kunnskapar om Ryfylke gjennom fleire ulike oppgåvevariantar. Dei blei blant anna testa i form av reine kunnskapsspørsmål, oppgåver knytt til video og ei kartoppgåve. Ja, til og med eit flygel vart teken i bruk, då programleiarane stilte spørsmål i form av musikalse innslag. Uansett oppgåveform viste dei ulike laga kvar lista låg. For poengsummen var jamn heilt til siste slutt.
Då poenga frå siste oppgåve skulle delast ut, var alt framleis heilt opent. For denne kartoppgåva var nemleg den første oppgåva dei løysa, men skulle så levarast inn til dommarane, før fasit og poeng skulla avslørast heilt til slutt. Ingen av laga visste verken korleis dei sjølve, samt korleis dei andre laga hadde gjort det. Kven ville ende opp med å bli vinnar av Ryfylkequizen 2022?


Live tabelloversikt dukka opp på skjermen og poenga skulle delast ut. Til eit lag om gongen. Klassisk Eurovision stil, berre meir spanande. Nye og nye lag vart tildelt sine poeng og tabellen var i stadig endring. Så, mottok Tryggheim Strand sine 10 av 12 moglege poeng. Dei klatra no rett til topps, med berre eit lag igjen. Sand.
Sand hadde lege i tet gjennom quizen så langt, men var avhengig av ein god poengsum nå for å ro det i land. 9 eller meir var det dei trong for å vinne. Tryggheim Strand hadde nemleg nå ein poengsum på 51. Sand sikta på 52. «Kor mange poeng fekk Sand?», kom det frå programleiar ellerfulgt av nervøs venting. «8 poeng!». Det gjekk eit gisp gjennom salen. Det heile måtte avgjerast med bonusspørsmål.
Det handla no om Tryggheim Strand og Sand Ungdomsskule. Første spørsmål blei stilt. «Tre, to, ein, vis!» Begge laga svara rett. Neste spørsmål. «Tre, to, ein, vis!» Dei to laga hadde no to ulike svaralternativ skrive ned på tavlene sine. Eit av dei var rett. No ville det bli kåra ein vinnar. Jubelen braut laus. Sand har vunne.
Høyr intervjuet med vinnarane i NRK Rogaland – Lokalen – Distriktsprogram – Rogaland – NRK Radio
Sjå heile sendinga her – Youtube – Ryfylkealliansen – RyfylkeQUIZ 2022 Sand Heile Sendinga
Sjå vinnarintervju her – Youtube – Ryfylkealliansen – Vinnerintervju RyfylkeQUIZ 2022