Me gratulerer «MAS» med siger i Ryfylkequiz

jun 2, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkequiz

Etter ein nervepirrande finale, med SKYHØGT nivå og spenning heilt til siste slutt, har me kåra vinnarane i Ryfylkequiz 2021! Me gratulerer «MAS» frå Hjelmeland med ein vel fortent siger!

Vinnarlaget «MAS» frå Hjelmeland

Etter fjorårets skyhøge nivå , var finalen laga endå vanskelegare i år. Likevel skrudde nivået seg opp i takt med vanskelegheitsgrada. Samtlege lag har førebudd seg godt og pugga ekstremt mykje. All pugginga lønna seg for Hjelmeland som vann med heile 75 av 77 moglege poeng (!!!).

Sauda kom på 2. plass med 72 poeng, og 3. plassen tok Tau med 71 poeng.

2. plassen gjekk til «MAI» frå Sauda
«Sjølvaste Tryhards» frå Tau stakk av med 3. plassen

Alle ni laga viste at dei hadde store kunnskapar om Ryfylke. Når samtlege ni lag oppnår minimum to tredelar rett, fortel det mykje om kunnskapsnivået. Me i Ryfylkealliansen gratulerer alle laga med framifrå innsats. Spesielt til lukke til dei tre laga som fekk med seg pengepremiar frå Hjelmeland Sparebank.

Få med deg heile sendinga i opptak på https://ryfylke.no/ryfylkequiz-2021/

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Pin It on Pinterest

Share This