– Me vil bli fleire og yngre!

sep 29, 2022 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende, Ryfylke IKS, Ryfylkealliansen

Ja, det er overskrifta når me inviterer til den årlege storsamlinga Arena Ryfylke onsdag 9. november. Denne gongen på Jelsa i Suldal kommune.

Fokus er på nærings- og bustadattraktivitet i Ryfylke, og programmet er både omfattande, variert, spennande og artig. Det er Ryfylke IKS, Ryfylkealliansen, Næringsforeningen i Stavanger-regionen og Suldal Vekst som inviterer, i samarbeid med Sparebanken Vest.

Få med deg idyllen Jelsa, unge stemmer, skaparånd, skråblikk, analysar, Norsk Stein, prosjektplanar og meiningar kring Wind Works Jelsa, Pilt-Ola pris, Ryfylkepuls, næringssatsing, tettstadutvikling, Jelsa hotell, ryfylkemat av beste kvalitet … og kanskje kjem Jelsa-presten. Med andre ord ein innhaldsrik langdag på Jelsa, staden som er kåra til Rogalands flottaste og mest idylliske plass.  

Med knappe 250 personar kjenner jelsabuen på kroppen både moglegheiter og utfordringar innan storindustri, innflytting, fråflytting, hotellsatsing og litt for få ungar på oppvekstsenteret.

Jelsa er i så måte ein god representant for det Ryfylke me set fokus på den 9. november.

Arkiv

Relaterte innlegg

Stolte suldølar

Stolte suldølar

Dei vågar å drøyma stort og likar å satsa stort. I Suldalsosen satsar eit livskraftig idrettslag på å byggja eit nærmiljøanlegg av det heilårlege og store slaget. Ved enden av Suldalsvatnet finn du to daglegvarebutikkar tett i tett, i ei relativt lita bygd. Men,...

Levande småbygd

Levande småbygd

I ytterkanten av Ryfylke, langt nord i Suldal finn du ei eksotisk og kreativ lita bygd. Nesflaten er tufta på kraft og spenning. Og spennande er det blitt for både den vesle skulen og den litle butikken. Men, bygdefolket er full av pågangsmot, og reknar med eit...

Merkevareprisen Ryfylke 2022 tildelt Norsk Juletreservice

Merkevareprisen Ryfylke 2022 tildelt Norsk Juletreservice

Styreleder i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Norsk Juletreservice ved Mikal Hetland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Jelsa 9. november. Årets vinnar er stolt over å ha beina godt planta i Ryfylke, samtidig som blikket rettar seg utover eigen...

Pin It on Pinterest

Share This