Mens me ventar på Pilt-Ola

nov 6, 2022 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Bilete over: Gunvor Fiskå frå Ryfylke bakeri & konditori tok imot Pilt-Ola prisen 2021 frå fylkesordførar Marianne Chesak. Men, kven vinn i år?

Nei, me ser ikkje spøkelse på høglys dag. Ole OIsen Sangesand, eller Pilt-Ola om du vil, levde for 200 år sidan. Men, alt førstkomande onsdag er det klar for ei storhending i Ryfylke: Utdeling av den gjeve Pilt-Ola prisen. Men, kven blir vinnaren?

For sjette året på rad skal Ryfylkealliansen dela ut det som er blitt ein heiderspris i Ryfylke. Ja, Pilt-Ola er blitt så populær, at det i år blei sett opp eit eige spel om denne energiske eventyraren frå Lysefjorden. Ole Olsen Sangesand voks opp på Bakken gard i Lysefjorden. Og nettopp på Bakken gard blei Pilt-Ola spelet vist med to utselde førestillingar i juni. Ryfylkepuls med reporter Tor Øyvind Skeiseid og fotograf Bjørn Inge Mong Ålvik laga denne reportasjen frå spelet.

Kvifor ein pris i Pilt-Ola sitt namn?
Ole Olsen Sangesand (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Han arbeidde heile livet med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole Olsen Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. Han blei ein av dei store kjendisane i Norge i første halvdel av 1800-talet.

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke, som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og andre, allmenne tiltak.

Ryfylkealliansen, som deler ut prisen, er ei foreining med 175 offentlege og private verksemder som har fokus på verdiskaping, bulyst og identitet i Ryfylke. Dei tidlegare vinnarane er:

2017     Jon Arne Helgøy, skyssbåteigar i Helgøy Skyssbåt

2018     Bjørn Moe, Mo Laksegard på Sand

2019     Magnhild Meltveit Kleppa, politikar og Fylkesmann frå Hjelmeland

2020     Jan Terje Vignes, drivar Lauvsnes Gartneri frå Finnøy

2021     Gunvor Fiskå, driva Ryfylke bakeri & konditori i Strand

2022     ? Svaret får me onsdag 9. november kl. 18.00

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This