Ryfylkealliansen deler kvart år ut Merkevareprisen Ryfylke til ei verksemd som har utmerka seg ved å bidra til å løfta Ryfylke opp og fram.
Merkevareprisen Ryfylke 2020 er tildelt Ryfylke bakeri & kondititori.
Prisen i år går til ei verksemd som har løfta fram mattradisjonar i Ryfylke i eit kvart hundre år. I 2019 feira nemleg Ryfylke bakeri & konditori 25-årsjubileum. Då kunne eigar og grundar Gunvor Fiskå mellom anna sjå tilbake på ei tid der bedrifta har gjeve læreplass og arbeidsplass til mange, mange ungdomar.
– Me har eit samfunnsansvar overfor dei unge, påpeikar leiar Gunvor.
Gunvor starta med å overta eit lokalt heimebakeri på Jørpeland som 23-åring. Sidan har det gått slag i slag, med eit bakeri og to kafear. Våren 2020 blei handlesenteret R13 på Tau innvia. Sjølvsagt er Ryfylke bakeri & konditori tydeleg til stades der, i flotte og innbydande lokale.
Både i kafeen på Jørpeland og på Tau får du kjøpt herlege bakevarer, påsmurt, grovt, fint og søtt. Napoleonskaka går det gjetord om langt utanfor Strand kommune sine grenser. I tillegg finn du andre godsaker i disken. Ja, frå andre produsentar i Ryfylke, som til dømes lokal eplemost.
Ryfylke bakeri & konditori bruker ofte ryfylkelogoen på produktpakkane. Dessutan har Gunvor Fiskå i ei årrekkje vore ein krumtapp i profilering av mat frå Ryfylke, ikkje minst gjennom å delta på Gladmatfestivalen i Stavanger.
Verksemda har vore medlem i Ryfylkealliansen i mange år, og deltatt ivrig på samlingane. På nettsidene til Ryfylke bakeri & konditori står det klart og tydeleg: «Stolt medlem av Ryfylkealliansen».
Styret i Ryfylkealliansen uttrykkjer både begeistring og beundring over den satsinga Ryfylke bakeri & konditori har gjort og gjer i Ryfylke. Trass tøffe korona-tider, har det heller ikkje nå mangla på vilje og innsats både i bakeriet, og ved kafeane på Jørpeland og Tau. Me meiner Ryfylke bakeri & konditori gjer Ryfylke rikare.
Det er også stas å gje prisen til ei verksemd, og ikkje minst ein person, som har vist vilje og mot i Ryfylke over så mange år. Vinnaren av prisen har satsa, fornya seg, tatt vare på tradisjonar, gjeve mange unge og vaksne arbeid og vore tydeleg på kor ein er frå. Det å bruka Ryfylke i bedriftsnamnet har ein stor eigenverdi i seg sjølv.
Ryfylkealliansen gratulerer!
Sjå film frå prisoverrekkinga her: