Merkevareprisen 2021 til Helgøy Skyssbåt AS

nov 16, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Ryfylkealliansen deler kvart år ut Merkevareprisen Ryfylke til ei verksemd som har utmerka seg ved å bidra til å løfta Ryfylke opp og fram. Prisen blei delt ut på Arena Ryfylke på Hjelmeland.

For 14. gong blir Merkevareprisen Ryfylke delt ut. Merkevareprisen skal gå til ein person, bedrift eller organisasjon som er medlem i Ryfylkealliansen. Vinnaren må kunne vise til god merkevarebygging for Ryfylke over tid og ha ein sterk posisjon i Ryfylke.

Vinnaren skal bruke Ryfylkelogoen bevisst i si marknadsføring.

Årets vinnar er tydeleg forankra i Ryfylke. Frå ein spe start for fleire tiår tilbake, er familiebedrifta blitt ei av dei mest kjende verksemdene i vår region. Ja, denne gjengen tar heile Ryfylke i bruk. Bedrifta er mildt sagt synleg over alt i Ryfylke.

Nå er både andre og tredje generasjon involvert i bedrifta. Og verksemda er blitt av såkalla mellomstor klasse, med arbeid til mange ryfylkingar, både i og utanfor familien og i og utanfor staden dei kjem frå.

Bedrifta har ryfylkelogoen på nettstaden sin. Logoen er klikkbar, og sender folk rett vidare til www.ryfylke.no. Vinnaren har vore medlem i Ryfylkealliansen sidan starten i 2008. Verksemda har utan tvil vore ein synleg medlem, både i samlingar internt i Ryfylkealliansen og ut over Ryfylke.

«Nyt Ryfylke saman med oss», lyser det på framsida til nettstade deira. Ingen skal vera i tvil kor denne bedrifta høyrer heime. På digitale flater, skriftleg materiale og intervju er denne gjengen ryfylkeambassadørar så det held.

– Den som ikkje opplever ryfylkefjordane i dette livet, bør ha krav på eit liv til, har grunnleggjar Jon Arne Helgøy ofte sagt. Me føyer gjerne til: «Den som har opplevd ryfylkefjordane med Helgøy Skyssbåt, har fått eit rikare liv.» Ein tur på fjorden med Helgøy Skyssbåt er godt for både kropp og sjel.

Det er prisverdig at Helgøy Skyssbåt har sett på nye moglegheiter for å visa fram Ryfylke. Verksemda var blant fleire reiselivsaktørar, som fekk kjenna verknadene av koronarestriksjonane på kroppen. Men, vesentleg nedgang i oppdrag, stoppa ikkje Helgøy-klanen å tenkja nytt. Turar til Jøsenfjorden, Lysefjorden, fruktsafari og avgang frå fleire kaiar i Ryfylke, gav resultat. Ikkje minst i 2021, då Helgøy Skyssbåt satsa på turar til Hylsfjorden. Samarbeidet med Reisemål Ryfylke, Suldal Vekst og Suldal kommune slo verkeleg an. Sju fulle onsdagsturar, med vel 800 gjestar på tur, var formidabelt. Suksessen gjev meirsmak, når nå Helgøy Skyssbåt vil satsa på endå fleire fjordskattar i Ryfylke.

«Styret i Ryfylkealliansen tykkjer det er stas å gje prisen til ei verksemd, som har vist vilje og mot i Ryfylke over så mange år. Helgøy Skyssbåt satsar, fornyar seg, og er opptatt av kor ein kjem frå og kor ein held til, nemleg Ryfylke» avslutta juryformann Helge Kjellevold. Han delte ut prisen til ein stolt vinnar Ståle Halsne som representerte Helgøy Skyssbåt på Arena Ryfylke.

Me gratulerer Helgøy Skyssbåt med prisen!

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This