Merkevareprisen Ryfylke 2019 er tildelt Ryfylke Fjordhotel

nov 6, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Erling og Tina Cosette Asbjørnsen på Ryfylke Fjordhotel blei tildelt Merkevareprisen Ryfylke 2019 på Ryfylkealliansen si storsamling, Arena Ryfylke, tysdag 5. november.

Det er ofte godt å vera to i lag når ein kastar seg ut på djupt vatn og satsar monaleg. I så måte er prisvinnaren eit godt døme. Ja, ekteparet som står bak Ryfylke Fjordhotel, er eit særs godt døme på skikkeleg satsing i Ryfylke.

Me må kalla verksemda for ein veteran innan reiselivsnæringa i Ryfylke. Mange har late seg imponera og inspirera over det ekteparet Erling og Tina Cosette Asbjørnsen har makta å skapa i Ryfylke.

Me skal heilt tilbake til 80-talet for å finna dei første draumane om å byggja hotell i strandkanten på strandstaden Sand. For 25 år sidan var alle formalia i boks, og bygginga kunne starta.

Ryfylke Turisthotel blei opna i mai 1996. Hotellet er utvida og bygd om ved fleire høve, og skifta namn til Ryfylke Fjordhotel i 2006. Hotellet må kunne kallast ein bærebjelke og førebilete for overnattings- og opplevingssegmentet i Ryfylke.

Innflyttarane Tina og Erling har vore tydeleg på at verksemda skal byggja på det ryfylkske. Det gjeld både mat, aktivitetar og vertskap. Ryfylke Fjordhotel handterer alt frå små samkome til store konferansar, og legg ikkje skjul på at nå er folk kome til hjarta av Ryfylke.

På nettsidene til Ryfylke Fjordhotel er ryfylkelogoen plassert klart, med link til ryfylke.no. Når hotellet annonserer om sundagsmiddag, julebuffé, lutefiskmiddag eller kva det skal vera, er ryfylkelogoen med. Ofte får du menyen lagt fram med ryfylkelogoen plassert på arket. Erling og Tina, og deira lokale og internasjonale kollegaer, legg ikkje skjul på kor dei held til. Ryfylke kling godt både i namnet på hotellet og i innhaldet frå hotellet.

Det er stas å gje prisen til nokon som har vist vilje og mot i Ryfylke over så mange år. Vinnaren av prisen har vore stabile, våga å fornya seg, tenkt nye tankar og hatt beina solid planta på bakken. Det har gjeve resultat som gagnar resten av Ryfylke, og som me som ryfylkingar er stolte over.

Ryfylkealliansen gratulerer ekteparet Erling og Tina Cosette Asbjørnsen spesielt og Ryfylke Fjordhotel generelt med denne gjeve prisen, og vonar prisen inspirerer andre som vil satsa i Ryfylke.

 

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Pin It on Pinterest

Share This