Styreleder i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Norsk Juletreservice ved Mikal Hetland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Jelsa 9. november.
Årets vinnar er stolt over å ha beina godt planta i Ryfylke, samtidig som blikket rettar seg utover eigen region. Vinnaren har solide røter i både tradisjon og lynne i Ryfylke, og har evne til nyskaping og utvikling.
Norsk Juletreservice meiner sjølv at Ryfylke som omgrep har eit godt omdømme og truverd. For her er vilje til å våga, satsa og tenkja annleis. Årets prisvinnar har denne viljen.
– Nettopp derfor er det viktig for Norsk Juletreservice å bruka ryfylkelogoen og visa at me kjem frå Ryfylke, uttalar prisvinnaren sjølv.
Selskapet blei etablert i 1998, har hovudkontor på Hjelmeland og er ei verksemd for juletreprodusentar på Sørvestlandet. Den store majoriteten av eigarane er uansett frå Ryfylke. Ja, her er så godt som heile Ryfylke representert, med produsentar frå både Suldal, Hjelmeland, Forsand, Strand, Finnøy og Rennesøy. For det er ingen tvil om at Ryfylke har opparbeidd seg posisjonen som den leiande juletreregionen i landet.
Norsk Juletreservice bruker ryfylkelogoen i fleire samanhengar, som i e-postsignaturar og på nettsida juletre.net. Verd å merka seg er den enkle, men effektive måten Norsk Juletreservice profilerer Ryfylke på i heile landet. I toppen av 20 000 juletre er ryfylkelogoen trykt på klipset som følgjer kvart tre frå produsent, via transportør, salsledd og til slutt kunden. Alle skal sjå kor juletreet kjem frå.
Ryfylkegjengen i juletrebransjen er også på offensiven når det gjeld å skapa merksemd om ei næring, der unge krefter er ønska. Nå blir det satsa stort på ei rekrutteringsbrosjyre, som skal distribuerast målretta. Ryfylkelogoen følgjer sjølvsagt med på lasset.
Norsk Juletreservice er ein aktiv medlem i Ryfylkealliansen, og framhever sjølv den gode fellesskapen som er mellom medlemsbedriftene. Styret i Ryfylkealliansen applauderer at selskapet både tenkjer synleggjering og langsiktig tenking innan produksjon og rekruttering. Det vitnar om ei næring som er offensiv, både på type produkt og kor ein kjem frå. Ryfylkealliansen gratulerer Norsk Juletreservice med Merkevareprisen Ryfylke 2022. Me vonar prisen er til vidare inspirasjon for satsing i Ryfylke, og ikkje minst at ryfylkelogoen får skina i toppen av tusenvis på tusenvis av juletre frå Ryfylke også i framtida.