Merkevareprisen Ryfylke 2023 tildelt Asbjørn Birkeland

nov 14, 2023 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende, Ryfylkealliansen

Styreleiar i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Asbjørn Birkeland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Tau 14.november.

Det er ein tydeleg, triveleg og trufast ryfylking som får Merkevareprisen Ryfylke i 2023. Sidan 2015 har Asbjørn Birkeland verkeleg vist igjen som ein talsperson både for eigen kommune, men ikkje minst som ambassadør for heile Ryfylke.  

I relativ ung alder overtok han det øvste politiske ansvaret for ein kommune, då han blei ordførar i Sauda. Asbjørn Birkeland har nytta vervet i åtte år til å fremja ein heil region på ein framifrå måte. Han har verkeleg gjort sitt til at både Sauda og Ryfylke skal visa igjen utover eigne grenser.  

Prisvinnaren har løfta ryfylkefana høgt. Det blir lagt merke til når han gong på gong har hatt ryfylkepinsen på jakkeslaget, for å visa kor han kjem frå. Ryfylkelogoen har i så måte vore synleg både på arrangement og i media. Asbjørn har alltid prioritert å delta på arrangement i heile Ryfylke som omfattar Ryfylke. Ja, han har vist at det går an å ha to tankar i hovudet på ein gong, når ein snakkar om rekruttering, utdanning, bulyst og verdiskaping. For Sauda og Ryfylke er to sider av same sak. 

Asbjørn Birkeland har inntil nyleg hatt vervet som rådsordførar i Ryfylke IKS, eit verv han har prioritert høgt. Han har lagt vinn på godt samarbeid med dei andre ordførarane og næringsliv i heile Ryfylke.  

Dessutan har ordførar Birkeland alltid støtta, oppmuntra og bidratt i arbeidet til Ryfylkealliansen. Det var ei sann glede å ha Asbjørn i styret i Ryfylkealliansen frå 2016 til 2020, som Ryfylke IKS sin representant. Styreengasjementet var også med å styrka samarbeidet mellom Ryfylke IKS og Ryfylkealliansen, samt styrka gjenklang i og ut over Ryfylke. 

I kriteria til Merkevareprisen står det mellom anna:  
– Vinnaren må kunna visa til god merkevarebygging for Ryfylke over tid og ha ein sterk posisjon i Ryfylke. 
– Vinnaren skal ha tydelege verdiar ved å løfta seg sjølv og regionen sin identitet og verdiskaping.  
– Vinnaren skal ha ein klar merkevareprofil og ha god kjennskap til Ryfylke.  

Her treff Asbjørn Birkeland blink på alle punkt. Han kjenner Ryfylke! 

Sjølv om Asbjørn Birkeland nå går over til ei anna rolle som «vanleg» samfunnsborgar, veit me at han vil vera med å løfta Ryfylke vidare i åra som kjem. Ryfylkealliansen gratulerer Asbjørn Birkeland med ein vel fortent heiderspris.  

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...

Pulserande Arena Ryfylke

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Pin It on Pinterest

Share This