Milliondryss til ny skjærgårdsbåt

nov 26, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Ryfylke Friluftsråd takka både djupt og audmjukt då Sparebankstiftelsen til SR-bank delte ut to millionar kroner til ein ny båt. Sist veke kunne dagleg leiar Hans Olav Sandvoll (til høgre på bilete) motta pengane frå stiftelsen. – Både stat, fylke, medlemskommunane og nå Sparebankstiftelsen er med i spleiselaget til ein ny arbeidsbåt for oss i friluftsrådet, fortel Sandvoll. Den gamle slitaren, MB Ry-fri er 27 år gammal, og behovet for ein ny arbeidsbåt er stort.

Ryfylke Friluftsråd gjer så visst Ryfylke reinare og meir tilgjengeleg. Ryfylkebassenget er og blir ei oppleving for båtfolket, men også via kollektiv transport, bil og sykkel. – Det viktigaste arbeidet me har er å vedlikehalda og tilretteleggja skjærgården for gode naturopplevingar og eit aktivt friluftsliv. Me får jo mykje skryt for det arbeidet me gjer og det er sjølvsagt ein stor motivasjon til å halda fram arbeidet, seier Hans Olav Sandvoll.

På nettsida www.ryfri.no finn du oversikt over friluftsområde, kaianlegg og aktivitetar i heile Ryfylke. Med foto, flotte filmar og informasjon kan du finna meir ut om perlene som ventar på deg sommar som vinter.
– Nå gler me oss ekstra til våren 2021, når den nye båten skal vera klar. Tilskot og gåver går nå uavkorta til båtprosjektet, som inkluderer ny arbeidsbåt og dessutan nye motorarar til den gamle travaren MB Ry-Fri, forklarar Hans Olav Sandvoll, som gjerne meddeler vippsnummer og kontonummer til andre som vil støtta investeringa av ny båt.

Arkiv

Relaterte innlegg

Nedteljing til Ryfastopning

Nedteljing til Ryfastopning

  Ryfylkealliansen og Strandbuen tel ned til Ryfastopning med ein eigen nedteljingskalender på digitale flater! Kvar dag frå 1. desember og heilt fram til 30. desember, som er datoen for opninga, blir det opna ei ny luke i kalenderen. I kvar luke vil de finna ein...

Merkevareprisen Ryfylke 2019 er tildelt Ryfylke Fjordhotel

Merkevareprisen Ryfylke 2019 er tildelt Ryfylke Fjordhotel

Erling og Tina Cosette Asbjørnsen på Ryfylke Fjordhotel blei tildelt Merkevareprisen Ryfylke 2019 på Ryfylkealliansen si storsamling, Arena Ryfylke, tysdag 5. november. Det er ofte godt å vera to i lag når ein kastar seg ut på djupt vatn og satsar monaleg. I så måte...

Pilt-Ola prisen for 2019 til Magnhild Meltveit Kleppa

Pilt-Ola prisen for 2019 til Magnhild Meltveit Kleppa

https://www.youtube.com/watch?v=Ylqoj3rSgBE&t=94s Tysdag 5. november mottok Magnhild Meltveit Kleppa årets Pilt-Ola pris. Prisen blei stifta av Ryfylkealliansen i 2016. Tidlegare er den gjeven til Jon Arne Helgøy og Bjørn Moe. Meltveit Kleppa fekk prisen om bord i...

Pin It on Pinterest

Share This