Fredag 30. august inviterte Rogaland fylkeskommune, Næringsforeningen i Stavanger-regionen og Ryfylke IKS til møte om verdiskapning på den grøne krafta vår. Dei omlag 100 deltakerane fekk høyra korleis ein i fellesskap kan rigga seg for å bli ein leiande region for etablering av næringsverksemd på grøn energi.
Norge og Rogaland har billigast og «grønast» energi, gunstige tomteareal, nærleik til Europa og kommunar/samarbeidspartnerar som vil noko. Status for prosjektet vart presentert og korleis fleire av kommunane og aktørane har jobba i prosjektet i Rogaland. Deltakerane fekk også høyre korleis ein har lukkast i Nord-Sverige, kva positive ringverknadar ein har fått etter datasenteretableringar og kva store datasenteraktørar krev og forventar.
I prosjektet Vilkår for kraftkrevande industri vil arbeidet med tomteutvikling i Rogaland fortsetja. Samstundes som at marknadsaktiviteter nå blir trappa opp, går prosjektet inn i en ny fase der overgang til eit eige profesjonelt produktutvikling/marknadsføringsselskap står for tur.
Matz Engman synte effekten datasenterverksemda har hatt i Luleåregionen
Ørjan Daltveit orienterte om arbeidet i Bjerkreim kommune – dei er klare med dei 3 viktige faktorane tomt, fiber og kraft.
Presentasjonane kan lastast ned frå linkane under
Oppdatering og planar for prosjektet «Vilkår for kraftkrevande industri – Ryfylke IKS – Ketil Barkved
Green Mountain – Tor Kristian Gyland