Musikkvideoen

Mitt Ryfylke

I 2014 slo me i Ryfylke ekstra på den musikalske stortromma. Prosjektmedarbeidar i Ryfylkealliansen Tolli Frestad laga ein fengande song om Ryfylke, som fleire entusiastar i heile regionen heiv seg med på. «Mitt Ry, Mitt Ryfylke» blei ein musikkvideo der me følgjer Tolli og hans gode ven laksen frå fjord til fjell, bygd og tettstader, tunnellar og bedehus, med eit skikkeleg solid skråblikk på Ryfylke. Unn deg tre og eit halvt minutt med ryfylksk sjølvironi i denne musikkvideoen.

Pin It on Pinterest