
Kva held dei på med desse ryfylkingane?
Og er det plass til meg?

Kva held dei på med desse ryfylkingane?
Og er det plass til meg?
filmen om
Grøn Energi
filmen om
Havbruk
Næring i Ryfylke
Svaret på det siste spørsmålet er JA. Kortsvaret på det første kan gjerne vera: «me forvaltar ressursane rundt oss». Havbruk, energi, landbruk, byggjeråstoff, industri, reiseliv og kulturliv er nokre av stikkorda.
Levande side – på denne sida skal me bli kjent med delar av næringslivet, arbeidsplassar og moglegheiter.
Filmar – me vil etter kvart presentera arbeidsliv og kvardag, gjennom filmar og glimt frå Ryfylke.
Innspel – kva driv du på med? I Ryfylke? Eller kunne du tenkt deg å jobba i Ryfylke? Flytta arbeidsplassen til Ryfylke? Her er moglegheiter. Lat oss få vita om ditt arbeid– ta kontakt!
Foto – me vil gjerne ha bilete frå din arbeidskvardag. Bruk #ryfylkepuls på instagram, vinn t-skjorte i Ryfylkepuls sendinga.
Annonsar frå Ryfylkepuls
Bli kjent med spennande verksemder i Ryfylke. Dei er offensive, og løfter fram og synleggjer Ryfylke og regionen sine kvalitetar. Desse verksemdene har også annonsert i vårt Ryfylkepuls-magasin. Nytt deg gjerne av deira kompetanse!
Ønskjer de å vera synlege i Ryfylkepuls og i våre kanalar? Ta kontakt med tor@ryfylkelivsgnist.no for informasjon og prisar.
Kraftige Ryfylke
I Norge produserer me 150 TWh med elektrisitet kvart år. Det er eit stort tal. 12 prosent av all denne krafta kjem frå Ryfylke. Ikkje verst! Gjennom fleire generasjonar har vasskraft vore avgjerande for etablering av kraftkrevjande industri i bygdene i Ryfylke.
Havbruk
I Ryfylke har me alltid levd av det sjøen gjev. Vår region har følgd og prega havbrukseventyret i nærare 40 år. Ja, Ryfylke er eit av dei viktigaste områda i Norge med tanke på havbruk, både innan produksjon, utdanning, forsking og utvikling. Den blå åkeren er med og pregar det grøne skiftet. Produksjon og prosessar endrar seg for å gje folk sunn, rein og berekraftig mat. Variasjonen i type arbeid er stor, og moglegheitene endå større.
Industri
Smelteverk, stålverk, pukkverk, sanduttak og steinknuseri. Råvarer blir nytta, smelta, støypt og produsert i tal tonn som manglar sidestykke.
Jordbruk
Utan bonden, lite liv. Gjennom generasjonar har kua, sauen og grisen, og ikkje minst bonden sjølv sørga, for at du og eg har mat på bordet, og for at landskapet er velstelt. Og bonden satsar framleis! Størst i landet på sau, tomatar og fjørfe, for å nemna noko.
Reiseliv
Ryfylke har turistmagnetane Preikestolen og Kjeragbolten. Men turisme er så mykje meir. Aktørane i reiselivet er mange små bedrifter som står for ei stor verdiskaping. Her finn du overnattinga, opplevingane, lokalmaten og vertsskapet, jordnært og ekte.
Livslang læring
Folk treng utdanning og folk treng jobb. Det er aldri for seint å ta nye steg. Ein solid medspelar i Ryfylke er prosjektet MOR «Motivasjon, opplæring og rettleiing», driven av dei vidaregåande skulane i Ryfylke, Sauda og Strand – sjå meir på moriryfylke.no
Næring i Ryfylke blir støtta av
Ryfylkefondet og Rogaland Fylkeskommune.


Innspel og tilbakemeldingar
Hjelp oss å laga ei spennande nettside om Næring i Ryfylke.
Har du innspel eller idear til Næring i Ryfylke? Ta kontakt med ein gong.
Har du innspel til oss?