Nedteljing til den store Ryfastfesten

sep 25, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

30.desember opnar Ryfylketunnelen for biltrafikk, men den første og kanskje største folkefesten er laurdag 5. oktober. Då skal 7000 menneske springa verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton.

Idrettslaga Midtbygdens IL og Staal Jørpeland IL frå Strand har planlagt i over eitt år. Interessa har vore enorm, og startnummera blei rivne vekk då desse blei lagt ut 1. desember i fjor. For «alle» vil vera med på ein-gong-i-livet-opplevinga når du kan springa frå Stavanger til Ryfylke. Det er kort og godt halvmaratonfeber langt ut over Ryfylkeregionen.

Lengst, djupast og tøffast
I seks år har arbeidet med å laga verdas lengste undersjøiske tunnel pågått. Eit unikt tunnelprosjekt som knyter Nord-Jæren til Ryfylke, med Ryfylketunnelen på 14,4 kilometer. På Solbakk i Strand og Hundvåg i Stavanger er knutepunkta. Og på Hundvåg kan køyretøya igjen ta turen under sjøen, med 5,7 km vidare til Våland i Stavanger. Eiganestunnelen frå Tasta til Våland er også ein del av Ryfastprosjektet. 30. desember opnar Ryfylketunnelen for trafikk, medan dei to andre tunnelane er venta å opna i februar 2020.

Heftig opplegg
Når ein slår Hundvågtunnelen og Ryfylketunnelen i saman pluss nokre hundremetrar i friluft så får du ein halvmaraton på 21 km. Den ideen sådde Ryfastsjef Gunnar Eiterjord i Statens vegvesen til MIL og Staal: «kva med å arrangera den djupaste og einaste undersjøiske halvmaraton i verda? Nå står om lag 7000 menneske frå nærare 30 nasjonar på startstreken på Våland 5. oktober. Målet er å nå Solbakk i Strand på under tre og ein halv time. Men, før den tid skal barn i skulealder få springa kortare løp både på Våland og Solbakk, med ei lita sløyfe inn i kvar sin tunnel og tilbake. Og ikkje nok med det, to typar rulleskirenn står også på programmet. Stavanger Skiklubb inviterer til motbakkerenn både for barn, ungdom og vaksne opp til Solbakk. Dei eldste går 4,5 km, som er frå botn av Ryfylketunnelen (292 muh.) og opp.

Omfattande prosjekt
– Joda, det er mykje å tenkja på fortel, dagleg leiar i Staal Jørpeland IL, Rune Harestad. Han veit at bagasje skal fraktast frå Våland til Solbakk, mat skal alle ha, transport tilbake, tryggleik, startnummer, drikkestasjonar og mykje meir til. – Me er i rute. Men, det er framleis meir arbeid som gjenstår, understrekar løpssjef Beate Jåsund frå MIL. Og viktig til alle, som vil sjå løpsfesten som publikum: I Stavanger er det på Hundvåg ein kjem tett på løparane. Ta kollektivtransport ut. Til Solbakk går det gratis shuttlebussar frå Tau og Jørpeland heile dagen. Bilen må stå! Ingen parkeringsplassar.

Gløym ikkje at Stavanger Aftenblad sender løpet direkte på nett og sine kanalar.

Meir info på www.ryfastløpet.no

Området på Solbakk.

Anne Carr Jørpeland, Rune Harestad og Beate Jåsund jobbar på for at alt skal vere klart til løpsstart!

Løypekart og løypeprofil

Arkiv

Relaterte innlegg

Juvelen Nordmarka

Juvelen Nordmarka

Heile 100 mål er tilrettelagt for næring. Nå tar interessa for alvor av. Tau Næringspark er blitt populært. - Me skulle vera klare til Ryfast opna. Det klarte me, og me merkar verkeleg at fleire vil etablera seg her.Hogne Fjellanger ser stolt rundt...

SMIL i Ryfylke

SMIL i Ryfylke

Ja, dei kallar det så, Staal og MIL. Då blir det SMIL. Fokuset er bulyst og næringsliv i Ryfylke. Gjer deg klar for spennande haustdagar på Jørpeland. - Nå går dei to store idrettslaga på Jørpeland og Tau saman om å arrangera ein skikkeleg stor fest, kommenterer...

Pulserande perlå Sand

Pulserande perlå Sand

Kos deg med magasin to av Ryfylkepuls. Og i denne septembersendinga tar me pulsen på Sand i Suldal. Her kjenner ein framleis lukta av OL-gull. Korleis? Vel, sand på Sand er ein suksess. Det er også kopling mellom næring, skule og det offentlege. Laksen har hoppa godt...

Pin It on Pinterest

Share This