NYT RYFYLKE I SOMMAR

jun 23, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Har du verkeleg opplevd Ryfylke? Gått dei lange turane, eller dei korte stubbane? Smakt på maten vår, kjent stilla? Eller kva med drønnet frå fossen, kafeen i sentrum eller soloppgangen til fjells? Fiskelukka på sjøen eller rett og slett berre late utsikten ta pusten frå deg?

Opplev Ryfylke. Opplev mangfaldet. Eit mangfald av folk, attreksjonar, tur- og matopplevingar. Fordelt på eit mangfald av vertsområde. Alle unike på sine vis.

La 12 vertar frå 12 ulike stader inspirera deg og gi deg ein smakebit på kva Ryfylke er. Om du er ein av dei som vil ut på lange turar, då har me noko for deg. Er du ein av dei som heller vil nyte livet på kafé i ei lita tettbygd, då har me noko for deg også. Båtferie, er det det som freistar? Ja, då har du kome til rette staden. Eller er du rett og slett ute etter ei salig blanding? Har me noko for deg også? Du kan jo gjette kva svaret på det er. Sjølvsagt!

Ryfylke er heller ikkje berre eit turistmål. For i tillegg dei mange attraksjonane, finn du jo også bustader og arbeidsplassar. Her er også mangfaldet stort. Frå små bygder, til større tettstader og til byar.

Alt dette Ryfylke har og by på skal me dukka endå djupare inn i framover. Så, ta ein titt på videosnuttane du finn i lenka under, bli freista og VELKOMMEN!

Filmar med meir finn du her: www.ryfylke.no/opplev-ryfylke/

Ein liten smakebit!

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This