Nyter det gode liv i vakre Hellandsbygd

apr 9, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Med djupe røter frå ein barndom med grendeliv i Hylsfjorden, drøymde Bente Sofie Løland og Kjell Ove Fattnes om eit ekte gardbrukarliv. Nå bur dei på eigen gard i Hellandsbygd i Sauda kommune.

Tekst og foto: Ingvil Bakka, avisa Ryfylke

Det er snart åtte månader sidan sambuarparet Bente Sofie Løland (44) og Kjell Ove Fattnes (49) flytta til Hellandsbygd, saman med yngstedottera Selma (7) og hunden Tinka (5). I fjor sommar selde dei huset i bustadfeltet Saua Gard i Saudasjøen, heimen der dei på det meste har hatt sju ungar i hus. Nå bur dei på eit lite gardsbruk midt i hjarta av Hellandsbygd, med seks geiter, fire Angus-ammekyr, seks NRF-stutar, fire høner – og snart eit par kaninar – om vesle Selma får det som ho vil.

Huset i Saua Gard hadde vore heimen til Kjell Ove sidan midten av 1990-talet. I 2010 flytta Bente Sofie inn, og til saman hadde dei då seks ungar, før vesle Selma kom til verda i 2013. Dei levde eit travelt og hektisk kvardagsliv som dei aldri ville vore forutan, med jobbar, barnehage, skule, fritidssyslar og arbeid og oppgåver i hus og heim.

Les meir om det gode liv i Hellandsbygd i den opne nettsaka til Avisa Ryfylke:  

Nyter det gode liv i vakre Hellandsbygd (ryfylke.net)

Alle storfe-dyra på garden har namn. Her er det Selma (8) og mor Bente Sofie som kosar seg i lag med stuten Konrad. FOTO: Ingvil Bakka.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This