NYTT FRÅ ryfylke

NYTT FRÅ ryfylke

Det skjer mykje spennande i Ryfylke, og vi postar ofte artiklar her som visar litt av kva som foregår. Bla deg gjennom mange kjekke nyhende og sakar her.

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på – at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og...

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai.  Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Søknadsfristen nærmar seg!

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse.  Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen «Det beste i den enkelte» er tilsette ved Strand vgs opptatt av og...

Spring for livet

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre.   Gjer deg klar for...

Klar – ferdig – quiz!

Sand skule KF-skolen Jørpeland Finnøy skule Nå skjerpar ryfylke-ungdomen sansane. For avspark til årets Ryfylkequiz er tatt. Det er berre til å kosa seg med masse fakta og funderingar om Ryfylke.  Det er eit sikkert vinterteikn, som etter kvart gjev ein ny vår.  For...

Heftige støt og kraftige saker

Veit eigentleg dei unge kven som fyller året? Og kva grøne krefter og store moglegheiter er det eigentleg i energiske Ryfylke? Ryfylkepuls er i dag på besøk hjå energigiganten Statkraft. Og her er det verkeleg puls. I løpet av sendinga får du eit innblikk i kor stort...

Innflyttarar med store gryter

Det var slett ikkje planen å flytta til bygda. Alvilde og Tom Egill Tobiassen var nygifte og lukkelege i Stavanger. Men, ein sundagsmiddag på Rennesøy blei som eit lynnedslag i livet. Dermed enda det unge ekteparet på ein plass dei knapt nok visste eksisterte. Dei tok...

Julestemning for store og små

Det nærmar seg jul, og julestrida er over oss. På Kulp kafè på Sand er det ei kjekk og travel tid med matlaging, tilstellingar og mange gjester, og på Kulturhuset i Suldal er det god stemning med ulike førjulsaktivitetar. Sjå sendinga og bli kjent med ein dyktig...

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Denne gongen lurte me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få julestemninga på plass? Eller bare må du...

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Merkevareprisen Ryfylke 2023 tildelt Asbjørn Birkeland

Styreleiar i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Asbjørn Birkeland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Tau 14.november. Det er ein tydeleg, triveleg og trufast ryfylking som får Merkevareprisen Ryfylke i 2023. Sidan 2015 har Asbjørn Birkeland...

Merka for livet

Ho har tatovert ei husrekkje frå heimstaden på armen. Det må vera førtiårs-krise! Eller er det ein del av Maren Landsnes sitt patriotiske engasjement for Jelsa? Då ho gjekk ut av Jelsa ungdomsskule var ikkje Jelsa ein aktuell stad å flytta tilbake til. Aldri i livet....

Ordførarar i Ryfylke

Kommunevalet 2023 er over og folket har talt. Nokre kommunar held fram med kjente ordførarar, andre får nye inn i rolla. Ryfylkepuls har vore rundt i Ryfylke og tatt pulsen i dei ulike kommunane. Sjølv om ordførarane er ulike, med forskjellege tankar og planar for...

Jobb med meining … i Ryfylke

– Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb...

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Preikestolen sine gode hjelparar

Nok ein gong går det mot rekord. 2023 er året flest folk har gått til Preikestolen. Ryfylkepuls har verkeleg tatt pulsen på korleis dei besøkande opplever turen. Eit herleg møte med folk frå mange ulike nasjonar. Og først og fremst blir me kjent med alle dei gode...

Matgleder frå Ryfylke – sjå dei første oppskriftene!

Ryfylke er eit matfat, eit spiskammer av dei sjeldne. Og me vil gje deg inspirasjon! I Ryfylke finn du all verdas godsaker gjennom alle årstider, frå fjord, jord, fjell og beite. Dessutan har me mange dyktige kokkar, som er bevisste på å bruka råvarer og produkt frå...

Oppturar i Ryfylke

Ja, det er fordelar med å bu og leva i Ryfylke. Visste du at alle ungdomar frå Suldal, som vel å gå på Sauda vgs, får 10 000 kroner kvart år frå Suldal kommune? Men, korleis har det slått ut då? I Hjelmeland er det gratis å ha ungane i barnehagen. Og nå forventar...

Livleg og pulserande pendlarliv

Me gjev deg pendlar-Ryfylkepuls spesial. For båtane knyter framleis Ryfylke saman og saman med byen. Kos deg med herlege glimt, entusiastiske og fåmælte reisande, engasjerte kapteinar og matrosar og eit pulserande liv på kaien. Judaberg kai på Finnøy – morgon og...

På ekta!

Det er namnet på Ryfylkepuls sin nye Podcast. Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg. Kort og godt...

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Gratulerer med dagen Ryfylke

Ja, visst blei 17. mai ein stor festdag i heile Ryfylke. Me har samla høgdepunkta i ei unik 17. mai-sending frå heile Ryfylke. Med god hjelp frå gode medspelarar frå alle krikar og krokar i våre fantastiske region, har me sydd saman herlege glimt frå denne...

Vårsprett i Ryfylke

Livsglede, engasjement, nytt liv, spenning og arbeidsglede. Ja, du kan knyta mange ord til våren i Ryfylke. Og du kan gleda deg over ei rykande fersk sending med Ryfylkepuls. Og nå pustar me vår. På alle moglege måtar.  Me rammar inn sendinga vår i eit sauehus på...

Høg puls i Ryfylkequizen

Skulefinalane i Ryfylkequizen inneheldt engasjement, vinnarvilje, oppturar og fortviling. For det er ingen tvil om at konkurransen om å koma til storfinalen i Sauda er tøff. – Elevane har vist fantastisk innsats og imponerande kunnskapar, slår Kristine Olsen i...

Jobb, sparing og smarte val

Å, dette maset om pengar. Kvifor skal me bry oss når me er unge og impulsive. Vel, ungdomen i Ryfylke har retningssans og forståing for at det er smart å jobba, spara og tenkja langsiktig. Og rådgjevaren i banken er krystallklar på kva tips han har til dei unge. For...

<strong>Ungdomen ser framover</strong>

Engasjement, stoltheit, framtidstru og ein del spenning. Det svevar optimisme og forventing i lufta. Mange unge i Ryfylke har planane klare for framtida. Men, valet er ikkje lett. Den nyaste sendinga av Ryfylkepuls er definitivt opptatt av kva tankar ungdomen har om...

<strong>Høg quiz-forventing</strong>

Det er vinnarvilje og optimisme blant åttande klassingar i heile Ryfylke. Det nærmar seg skulefinalar i den store Ryfylkequizen. Ryfylkealliansen har besøkt alle skulane og starta opplæringa om Ryfylke. Nå skal ungdomen pugga, forstå og kjenna Ryfylke i kvar fiber i...

Godt nytt Ryfylkepuls-år!

Er du klar for å sjå tilbake, og samtidige ha blikket retta framover? Nå byr me på ein herleg Ryfylkepuls Spesial, når me startar det nye året med glimt frå fjorårets sendingar. Det blir store doningar, fredfylte fjordar, tunge løft, solide motbakkar, fruktbar satsing...

Varm julestemning frå Jørpeland

Jørpeland er jul på så mange måtar. Ikkje minst som juletreby og peparkakeby. Bli med blant små og store og ein ekte juletrenisse, og folk som tørr å snakka i store bokstavar om Ryfylkebyen Jørpeland. Lat deg inspirera av varme og fellesskap frå ei heilt spesiell...

<strong>Stolte suldølar</strong>

Dei vågar å drøyma stort og likar å satsa stort. I Suldalsosen satsar eit livskraftig idrettslag på å byggja eit nærmiljøanlegg av det heilårlege og store slaget. Ved enden av Suldalsvatnet finn du to daglegvarebutikkar tett i tett, i ei relativt lita bygd. Men,...

Levande småbygd

I ytterkanten av Ryfylke, langt nord i Suldal finn du ei eksotisk og kreativ lita bygd. Nesflaten er tufta på kraft og spenning. Og spennande er det blitt for både den vesle skulen og den litle butikken. Men, bygdefolket er full av pågangsmot, og reknar med eit...

Merkevareprisen Ryfylke 2022 tildelt Norsk Juletreservice

Styreleder i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Norsk Juletreservice ved Mikal Hetland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Jelsa 9. november. Årets vinnar er stolt over å ha beina godt planta i Ryfylke, samtidig som blikket rettar seg utover eigen...

Per Inge Fjellheim er vinnar av Pilt-Ola prisen 2022

Foto: Benjamin Nordhagen, Portal Norge Han har lagt til rette for folkefest og folkehelse i årevis, og på same tida sett Ryfylke på kartet nasjonalt. Per Inge Fjellheim frå Sauda er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen 2022. Fylkesvaraordførar Arne...

<strong>Mens me ventar på Pilt-Ola</strong>

Bilete over: Gunvor Fiskå frå Ryfylke bakeri & konditori tok imot Pilt-Ola prisen 2021 frå fylkesordførar Marianne Chesak. Men, kven vinn i år? Nei, me ser ikkje spøkelse på høglys dag. Ole OIsen Sangesand, eller Pilt-Ola om du vil, levde for 200 år sidan. Men,...

Verdige kandidatar til Ryfylke-pris

Bilete over: Det var Helgøy Skyssbåt som vann prisen i 2021. Men, kven vinn Merkevareprisen Ryfylke 2022? På biletet ser du administrasjonsleiar Ståle Halsne i Helgøy Skyssbåt smila godt etter fjorårstildelinga. Blir det mat, museum eller juletre som blir vinnaren når...

Lenge leve landbruket

I Bjørheimsbygd blir det satsa innan landbruket. Møt ekteparet som har flytta frå Stavanger og bygd eit heilt spesielt fjøs i Bygdå. Og ikkje langt bortanfor er gardsarbeidet først og fremst kombinasjonen juletre og sauer. Opp mot heia er det gardsturismen som rår, og...

Brød og sirkus

Ja, ja. Sirkus og sirkus. Men, Fiskå er i alle fall bygd opp på vatn, mølle og brød. Kven hadde trudd at Fiskånå skulle skapa milliardindustri? Ja, frå ei lita bygdemølle til kraftfôr og korn til heile landet. Korn og mjøl har også vore ingrediensar og løyndom for eit...

– Me vil bli fleire og yngre!

Ja, det er overskrifta når me inviterer til den årlege storsamlinga Arena Ryfylke onsdag 9. november. Denne gongen på Jelsa i Suldal kommune. Fokus er på nærings- og bustadattraktivitet i Ryfylke, og programmet er både omfattande, variert, spennande og artig. Det er...

Kraftfullt og lite

Det er ei turistbygd. Ja, ingen tvil om det. Ni innbyggjarar, majestetiske fjell og kraftproduksjon i verdsklasse. Når Ryfylkepuls gjestar Lysebotn skal me langt inn i fjellet og under havnivået. Me tar også turen til den nyaste skeinebrettbanen i Ryfylke, som ligg...

Mektig og jordnært

Me kan bruka mange fagre ord om Lysefjorden. Majestetisk, mektig, eventyrleg, storslått og meir av det slaget. Det er litt kult då, at fleire av dei mest spektakulære attraksjonane i verda, ligg nettopp i Ryfylke. Men, kva pulserande skattar skjuler seg frå ytst i...

Lite småtteri på lita øya

Ta pulsen på Talgje, den vesle øya sør i Finnøy kommunedel. Der fastlandstunnel har skapt vekst, der gartneria er store og framtidsvyene storslåtte. Passar godt på ein stad som var eit maktsenter i mellomalderen. Her går folk og fe tett i tett, og familieparken er ein...

Storsatsing og idyll i Sjernarøyane

Små lokalsamfunn står for stor verdiskaping. Milliardindustri med laks, Norges største familieeigde hurtigbåtreiarlag og ikkje minst Norges flottaste marina. Kan også Sjernarøyane skilta med den finaste skuletomta i landet? Med sjø, strand og turterreng utanfor døra,...

Eventyrlige Årdal

Du møter både folk, fe, eventyrfigurarar og skabelonar når du kjem til Årdal. Ja, snodige skabelonar, kva nå enn det er? Nå er det amerikansk vegkrosatsing, ryfylke-vertsskap på gardshotell og ungdom som har både klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og skikkeleg...

Blomstring og bru

42 innbyggjarar på ei lita øya er fulle av pågangsmot og forventing. 40 000 frukttre, epleri og stor satsing på bru. Men, på Helgøy er det ei storhending som trumfar alt. Nå blir den vesle øya i Årdalsfjorden landfast med ei 290 meter lang bru. Og då kan det fort bli...

Fullklaff for Pilt-Ola

Storarta skodespel, ståande applaus og strålande sol summerte Lysefjordspelet om Pilt-Ola i pinsehelga. Publikum fekk både turglede, kulturoppleving, verdspremiere og historieformidling i ein og same snippsekk.  – Nå er me berre glade og letta over at det...

Me gratulerer årets vinnarar av Ryfylkequizen!

Etter ein intens finale, var det Stay Keeg frå Sand som til slutt stakk av med sigeren. Då vinnaren skulle avgjerast ende både Sand og Tryggheim Strand med 51 poeng, av 57 moglege. Det var difor, for fyrste gong i Ryfylkequizhistorien, nødvendig med bonusoppgåver for...

Slitesterkt, slitsamt og slagferdig

Ytrabygdå. Det er Saudasjøen blitt kalla. Og her finn du bedrifter du kanskje ikkje kom på låg inst i ein fjorarm. For med slitesterke glas og stål skapast dei beste produkt til marknaden. Men, alt kan vel øydeleggjast med ein solid hammar? Me blir også med den...

Lagar og reddar liv

Dei er unge, ambisiøse og vil redda liv. Møt ungdomane som går på ambulanselinja på Sauda vidaregåande skule. Og det er eit nålauge å koma inn på Rogalands mest populære utdanning. I industriarbeidarbyen Åbøbyen skal dei feira ei heil langhelg, med både spel,...

Teknologihovudstaden Tau

Testsenter for dronar og systemhus for elektronikk. Det kan sjå ut som jobbing med dingsar og små detaljar, men er strengt tatt det fremste innan teknologi på kloden. Det er ikkje farleg å bruka store ord når ein er på Tau. I dagens Ryfylkepuls skal me også besøkja...

Sterkt fellesskap i lunsjen

Det er varmare i veret, dagane er lysare og snøklokkene står majestetisk på plenen. Men for sauebøndene i Ryfylke er det noko heilt anna som opptar fokuset nå, nemleg lamming. Med håp om at vêren gjorde jobben grundig i fjor, ventar den rastlause bonden på årets...

Det gror og veks på Tau

Treng du pågangsmot, optimisme og vilje, samt eit folkeferd som vågar å seia at verdsklassen finn du nettopp her? Då skal du dra til Tau, og bli kjent med dei som satsar, ryddar, legg til rette, fiskar, byggjer og utviklar. Om ferja er vekke, har tunnelen skapt glød...

Fjord, fjell og fleire årstider

Ryfylkepuls har sett kursen for Erfjord, bygda som mange køyrer rett gjennom langs riksveg 13. Derfor er det ei glede å presentera skattane frå sjøkanten og til høgfjellet. For det er det me gjer. Bli kjent med dei som satsar på fjordsafari og dei som har fått ny...

Heseblesande innspurt

– Me skal vera heilt ferdige til niande april. Ja, me MÅ vera ferdige då. For gjestane dei har meldt at dei kjem, smiler Bjørn Moe litt smånervøs. Jelsa Hotell rustar seg for opning. Kven hadde trudd at Jelsa bu- og omsorgssenter skulle bli hotell? Då...

Stort og lite, søtt og friskt

Jelsa er den idylliske tettstaden og det gigantiske steinbrotet. Det er tonnevis av stein og bøttevis av optimisme. Nytt hotell, jordbærsatsing, eplemost og tettstadutvikling. Og kva er dette vindmølleprosjektet utpå Berakvam? Ja, det som kan bli det største...

Ryfylkeungdomen skjerpar sansane

Nå skal det igjen kjempast om kva 14-åringar i Ryfylke som veit mest om nettopp Ryfylke. Ein populær kappestrid om rette svar, pengar, heider og ære. I siste del av februar fekk alle 8. klassane i Ryfylke besøk av quizmaster Tor Øyvind Skeiseid. I ein skuletime fekk...

Historisk sus og samarbeid

Er det nokon som har historia på si side, er det Klosterøy. Ein klostergard etablert av sjølvaste Harald Hårfagre er grunnmuren i eit spennande bedriftssamarbeid kalla Visit Utstein. Her er det rom for både kvile- og spenningspuls. Blir du med til Amerika i same...

Lysglimt i drivhuset

Tomatgartnarane i Ryfylke kan endeleg smila litt igjen. Skyhøge energiprisar er blitt ei tung bør å bera. Men, nå er gartnarane lova betre prisar for tomatane. – Eg har sove bra igjen dei siste nettene, seier Stig Jakob Hanasand, og avslører eit letta smil. Han...

Hald varmen på Rennesøy

Kva skjuler seg eigentleg i fjellet til Green Mountain? For her blir det varmt når svære hallar er blitt til datalagring i verdsklasse. Og vips der blei det lagt ein 700 kilometer lang fiberleidning til England. Varmt må det også vera når hundre tusenar av...

Fjellam frå Ryfylke til topps!

Kaldrøykt pinnekjøt av Fjellam frå Ryfylke foredla av Albert Idsøe i Stavanger, vann finalen i Det Norske Måltid i kategorien Årets kjøt foredla. Er det noko Ryfylke er kjent for, så er det nettopp lam som har beita i Ryfylkefjella. Knapt 30 sauebønder i Ryfylke har...

Ryfylkemat klar for finalen i Det Norske Måltid

Det Norske Måltid (DNM) leitar kvart år etter det ypparste innan norsk mat og drikke, og har etablert seg som ein av matbransjens viktigaste og mest prestisjefulle prisutdelingar. Dette året er tre produsentar frå Ryfylke med i finalen. Helgøyfrukt sine morellar er...

Kaklande turglede i Forsand

Dei jobbar saman på garden, ja begge to. Ekteparet Elsa og Gunleif Haukelid inviterer til fjørfeglede i stort, stort slag i denne utgåva Ryfylkepuls. Det er mengder med egg, høner og etter kvart kyllingar. Forsand er så visst meir enn sand, det er ikkje minst...

Rekordoppdrag for forsandfirma

Over 700 semitrailerar skal frakta betongelement frå Forsand til Austlandet. Bustadkonseptet i Lørenskog er det største enkeltoppdraget for bedrifta nokon sinne. Og sjølvsagt er lokal sand hovudingrediensen. – Det er ein enorm logistikk som skal på plass for å...

Sand i bøtter og spann

Det er uendelege mengder med sand, sand som skal vera den beste i heile Norge. Bli med Ryfylkepuls til Forsand, der me naturleg nok dukkar ned i sandhaugen. Bli kjent med bedrifta som nyttar sanden som råstoff, og byggjer betongelement i verdsklasse. Nå er dei klare...

Varmt og heftig i Sauda

Vinterglede, energiboost, tunnelløp og herleg ungdomstreff. Det er berre nokre av stikkorda for Ryfylkepuls frå Sauda. I Sauda er ein stadig på jakt etter å nytta energien på beste mogleg, og grønnast mogleg vis. Då vil ein satsa på oppdrett på land, eit gigantisk...

Merkevareprisen 2021 til Helgøy Skyssbåt AS

Ryfylkealliansen deler kvart år ut Merkevareprisen Ryfylke til ei verksemd som har utmerka seg ved å bidra til å løfta Ryfylke opp og fram. Prisen blei delt ut på Arena Ryfylke på Hjelmeland. For 14. gong blir Merkevareprisen Ryfylke delt ut. Merkevareprisen skal gå...

Verdsklasse i Hjelmeland

Episode fire av Ryfylkepuls er på lufta. Bli med til Hjelmeland der ein med rette kan skryta på seg å vera i toppen i verda. Røykelaks, sider og jærstol – best og størst. Og verdas første hydrogenferje går nettopp i Hjelmelandssambandet. Nå blir det også satsa på...

Pilt-Ola prisen 2021 til Gunvor Fiskå

Ho er samfunnsengasjert, og har alltid vore oppteken av å få ungdom i arbeid og brenn for faget sitt. Gunvor Fiskå frå Jørpeland er tildelt den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen. Fylkesordførar Marianne Chesak delte ut prisen under Arena Ryfylke på Hjelmeland...

Energisk bålkos frå Finnøy

Kos deg med magasin tre av Ryfylkepuls. Og i denne oktobersendinga tar me pulsen på Finnøy i Stavanger. Sending nummer tre av Ryfylkepuls er frå tomatøya Finnøy. Og her blir det spennande tema rundt eit bål i fjæresteinane. Kva satsar ungdomen frå Finnøy på? Kor skal...

Arena Ryfylke – tett på

Ja, det blir både tett på Ryfylke og tettare på kvarandre. Er du nysgjerrig på kva som rører seg i Ryfylke? Lyst på spennande bedriftsbesøk, gode smakar og ein herleg dag i Hjelmeland? Då er Arena Ryfylke 11. november noko for deg. Endeleg kan me møtast igjen, utan...

Juvelen Nordmarka

Heile 100 mål er tilrettelagt for næring. Nå tar interessa for alvor av. Tau Næringspark er blitt populært. – Me skulle vera klare til Ryfast opna. Det klarte me, og me merkar verkeleg at fleire vil etablera seg her.Hogne Fjellanger ser stolt rundt...

SMIL i Ryfylke

Ja, dei kallar det så, Staal og MIL. Då blir det SMIL. Fokuset er bulyst og næringsliv i Ryfylke. Gjer deg klar for spennande haustdagar på Jørpeland. – Nå går dei to store idrettslaga på Jørpeland og Tau saman om å arrangera ein skikkeleg stor fest, kommenterer...

Pulserande perlå Sand

Kos deg med magasin to av Ryfylkepuls. Og i denne septembersendinga tar me pulsen på Sand i Suldal. Her kjenner ein framleis lukta av OL-gull. Korleis? Vel, sand på Sand er ein suksess. Det er også kopling mellom næring, skule og det offentlege. Laksen har hoppa godt...

Premiere på Ryfylkepuls

Så er dagen komen. Ryfylkepuls er ein realitet. Få med deg Ryfylkealliansen sitt flunkande nye, digitale månadsmagasin med nettopp tittelen Ryfylkepuls. Me besøkjer Jørpeland, og blir kjent med folk, aktualitetar og moglegheiter i kommunesenteret i Strand....

Made in Suldal

Fotograf: Bjørn S. Delebekk, VG. To spenstige og treffsikre karar sikra laurdag Norge sitt tredje OL-gull i Tokyo. Det hadde dei aldri klart utan volleyballmiljøet på Sand i Suldal.- Kan skjøna eg var oppe i natt og såg på. Eg har ikkje sove særleg mykje det siste...

Heftig i Lysebotn

Hovudfoto: Strandbuen Han fekk sommarskuta til å leggja om kursen, og må tenkja kohort både ein og to og tre gonger. Odd Langhelle gler seg til nok ein BLINK-festival, sjølv i pandemitider. På torsdag smell startskotet i Ryfylkeperla Lysebotn.- Det ser ut til at veret...

#ryfylkepuls – Bli med i vår fotokonkurranse!

Skal du oppleva Ryfylke i sommar? Legg ut ditt Ryfylke-bilete på sosiale medium og du kan vinna vår tøffe Ryfylkepuls t-skjorte! Korleis deltek eg? Å delta i konkurransen er lett som berre det! Knips eit bilete i Ryfylke.Post bilete på Facebook eller Instagram og tagg...

NYT RYFYLKE I SOMMAR

Har du verkeleg opplevd Ryfylke? Gått dei lange turane, eller dei korte stubbane? Smakt på maten vår, kjent stilla? Eller kva med drønnet frå fossen, kafeen i sentrum eller soloppgangen til fjells? Fiskelukka på sjøen eller rett og slett berre late utsikten ta pusten...

Solid fundament frå Forsand

Sykkelvelodrom på Sola, idrettshall på Jørpeland og element til infrastruktur. Variasjonen er stor og det er full gass ved Norsk Spennbetong på Forsand. Og ein kamp for å få nok arbeidsfolk inn. 150 millionar kroner i omsetting kvart år. Ja, du las rett....

Skiftande stormkast for Bris

Det har vore ein heftig og bratt læringskurve, lange arbeidsdagar og mange nøgde kundar. Nå gler Yvonne Løkke Michalsen til å utvida staben i Bris, og satsa ytterlegare på design av beste merke frå Sauda. Ho er ei vassekte saudajente, er nå 33 år med mann og barn på...

Direktesendt quiz – sterk auke i sjåartal!

Me elskar Ryfylkequiz. Men endå meir elskar me direktesendt Ryfylkequiz! Takka vera koronarestriksjonar, såg me oss nøydde for å senda quizfinalen 2020 digitalt. Denne direktesendinga av finalen i Ryfylkequizen vart ein enorm opptur! Superfinalen direkte frå Årdal,...

Me gratulerer «MAS» med siger i Ryfylkequiz

Etter ein nervepirrande finale, med SKYHØGT nivå og spenning heilt til siste slutt, har me kåra vinnarane i Ryfylkequiz 2021! Me gratulerer «MAS» frå Hjelmeland med ein vel fortent siger! Vinnarlaget «MAS» frå Hjelmeland Etter fjorårets skyhøge...

Draumebyggjaren

Ryfylke Trelast rundar 75 år denne våren. Gåva gjev dei til folket, med gratis utandørskonsert på Jørpeland i august. «Vi bygger folks drømmer». Visjonen, slagordet er ikkje til å ta feil av. Ryfylke Trelast stilar høgt, med beina solid festa på bakken. Far Gunnar og...

Her er finalelaga til Superfinalen

2. juni, dagen me alle har venta på, nærmar seg med stormskritt. Ja, dagen den store quizfinalen på Forsand skjer. Dagen der alt 8.klassingane har pugga og lært om Ryfylke dei siste månadane, skal testast. 2.juni, finalen der Ryfylkeskulane skal kjempe mot kvarandre...

Frukta blomstrar i Ryfylke

– Du kan ikkje ha for tynnslitne nervar om du skal vera fruktbonde, slår Svein Hia i Ryfylkefrukt fast. Nå gler han seg over akkurat passe kald vår og sein fruktblomstring.Fjorårsavlingane var ikkje mykje å ropa hurra over. I pakkeriet i Årdal var det alt for...

Optimisten trur på opptur

– Akkurat nå sit eg på gjerdet og ventar på at det losnar. Då trur eg det blir ein bra sommar, seier Kai Risa på Rennesøy. Han er klar for aktivitet og bubilar.Kai Risa har styrt Sjøberg Ferie i over halvparten av dei 21 åra verksemda har eksistert. I sjøkanten...

Kva veit du om Ryfylke?

Quiz deg til flotte premiar frå Ryfylke! Kvart år kjempar 8.klassingane i Ryfylke i den store Ryfylkequizen. Ryfylkealliansen reiser rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. 8.klassingane får også eit innhaldsrikt...

Vel verd å feira eittåring

Med bakvarer, komler, varme smil og nystrokne t-skjorter feira Ryfylke Bakeri og Konditori eit år i nye lokale på Tau. Og folk blei med på festen.- Det har vore ein kjekk, travel dag. Ja, godt med folk frå morgon til kveld, og meir gjestar og pengar i kassen enn ved...

Våren er komen – tomatane er her!

Endeleg er tomatane her igjen. Sist veke var tomatane frå Lauvsnes Gartneri på Finnøy tilbake i butikkhyllene. Og tomatgartnaren sjølv kan aldri få nok av nye investeringar og justeringar.- Er dei ikkje gode vel?Jan Terje Vignes hiv inn på nok ein tomat, med kjærleik...

Nyter det gode liv i vakre Hellandsbygd

Med djupe røter frå ein barndom med grendeliv i Hylsfjorden, drøymde Bente Sofie Løland og Kjell Ove Fattnes om eit ekte gardbrukarliv. Nå bur dei på eigen gard i Hellandsbygd i Sauda kommune. Tekst og foto: Ingvil Bakka, avisa Ryfylke Det er snart åtte månader sidan...

Snart kjem dampen …

Rødne sin nye ambulansebåt er ikkje langt unna Ryfylkebassenget. Nyleg sjøsett, namn med snert og utstyrt som brannbåt i tillegg. Ikkje rart det er forventingar til Ryfylke sin nye livreddar.Lars Rødne bestiller bort imot ein ny båt i året frå Brødrene Aa i Hyen på...

Satsar på mektige opplevingar

Helgøy Skyssbåt trappar opp fjordopplevingane. I sommar kan endå fleire oppleva Jøsenfjorden og Lysefjorden, og med avgang frå ytterlegare fleire kaiar.- Me hadde så gode erfaringar i fjor, at me har vald å satsa ganske så kraftig denne sommaren, forklarer...

Gardsutsal til himmels

– Det har vore eit eventyr. Me såg ikkje for oss at det skulle ta slik av, fastslår Tor Bjarne Flesjå. Nå har han drive gardsbutikk på Finnøy i nøyaktig eit korona-år, og gnir seg i augo over suksessen.12. mars 2020 stengte Erna Solberg ned landet. To dagar...

Arkiv

Pin It on Pinterest