Oppturar i Ryfylke

jun 23, 2023 | Framside, Nyhende

Ja, det er fordelar med å bu og leva i Ryfylke. Visste du at alle ungdomar frå Suldal, som vel å gå på Sauda vgs, får 10 000 kroner kvart år frå Suldal kommune? Men, korleis har det slått ut då? I Hjelmeland er det gratis å ha ungane i barnehagen. Og nå forventar ordføraren babyboom. På Finnøy er det yrande båt- og pendlarliv både morgon og ettermiddag. For det er alltid nokon som skal nord, sør, vest og aust i heile Ryfylke og til byen. Kokken Sebastian byr på ein herleg sommarrett, og i Årdal går kafélivet så det susar. Ja, det er mange grunnar til å få med seg ein sommarleg utgåve av Ryfylkepuls i alle kanalar. Og med solid forynging av programleiarstaben. Denne gongen har Tor Øyvind fått hjelp av to 16-åringar, som ser for seg ei framtid i Ryfylke.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...

Pulserande Arena Ryfylke

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Pin It on Pinterest

Share This