Optimisten trur på opptur

mai 7, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

– Akkurat nå sit eg på gjerdet og ventar på at det losnar. Då trur eg det blir ein bra sommar, seier Kai Risa på Rennesøy. Han er klar for aktivitet og bubilar.

Kai Risa har styrt Sjøberg Ferie i over halvparten av dei 21 åra verksemda har eksistert. I sjøkanten på idylliske Østhusvik på Rennesøy, tilbyr han overnatting i bustader og hotellrom, matservering og nå også plass for bubilar.
– Eg har vore på rekognoseringstur rundt i Norge sjølv med bubil. Ja, for å sjå kva som må liggja til rette for at bubilfolk vil koma. Nå har eg det meste på plass og kan ta imot 12 bubilar om gongen, fortel ein smilande Kai Risa ein kjøleg maidag.

Kven kan motstå ein kajakktur på blikkstille sjø ut frå Østhusvik?

Halv maskin
Det er vanskeleg å invitera til open kafé og arrangement, når det i lengre tid har vore arrangementspåbod, skjenkestopp og meir til.
– Me har gått for halv maskin, erkjenner Risa.
Men, om middagar, åremålsselskap, konferansar og seminar er blese på sjøen, så har det likevel vore noko utleige.
– Me har vore heldige som har hatt ein del anleggsfolk på Rennesøy. Dei har overnatta i bustadene våre og me har levert mat til dei, seier Kai Risa.
I tillegg har han fått seg kjærast i vinter, som har byrja å jobba på Sjøberg i tillegg. Men, akkurat det vil ikkje den nyforelska Kai snakka alt for høgt om.

Aktiv sommar
– Heldigvis ser det ut til at det losnar meir opp nå, og at me etter kvart kan ta imot fleire folk. Sommaren i fjor blei trass alt bra. Så me vonar det same skjer i år.
– Du trur det?
– Absolutt. Og me har endå meir me kan tilby dette året. Nå har me oppgradert med gapahuk for store og små, i tillegg til båtutleige og nye kajakkar, ramsar Kai Risa opp. Sjøberg og Østhusvik er midt i smørja mellom sjø og land. Her er badestrand og fiskehøve, samtidig som det er turområde, og ikkje lange biten til Rennesøy sitt høgaste punkt, Rennesøyhodnet.
– Veit du kva, eg trur det blir skikkeleg bra i sommar. Me har sommarkafé, bussen frå Stavanger stoppar like utanfor lokala våre og me blir på mange måtar porten til Ryfylke.
– Store ord frå ein sindig mann frå Rennesøy?
– Jodå. Men, eg har øvd meg på å seia det også, gliser Kai Risa, klar for sommar og eit bokstavleg tala opnare samfunn.

Sjøberg Ferie har oppgradert med alt det som ein bubilentusiast treng. Nå er det plass til 12 bubilar om gongen hjå Sjøberg ferie.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This