Over 3000 påmeldte på 10 dagar

des 10, 2018 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Påmeldinga til halvmaratonet Ryfastløpet opna 1. desember. 10 dagar seinare er over 3000 løparar påmeldt!

Ryfastløpet skal gå av stabelen 5. oktober 2019, og blir verdas første og einaste undersjøiske halvmaraton. Løpet startar ved Gamle Gamlingen i Stavanger kommune, går gjennom Hundvågtunnelen, vidare gjennom Ryfylketunnelen og endar opp på Solbakk i Strand kommune. Det lågaste punktet er 292 meter under havoverflata, så ein det er ikkje ein heilt vanleg halvmaraton me snakkar om her!

Det er idrettsklubbane Midtbygdens IL og Staal IL i Strand kommune som er hovudarrangørarar, med Statens vegvesen, IL Skjalg og Stavanger Skiklubb som medarrangørar.

Og interessa er stor! Over 3000 har altså meldt seg på 10 dagar etter påmeldinga opna. Det er plass til fleire, men dersom talet aukar like fort i dagane framover bør ein vere rask om ein vil vera med. Det er satt eit tak på 5000 løparar.

I tillegg til halvmaraton skal det arrangerast både barneløp i begge endar, og rulleskirenn på Solbakksida. Informasjon om både løp og renn er å finna på heimesida www.ryfastløpet.no.

cof

Arkiv

Relaterte innlegg

Ryfylke ut til alle

Ryfylke ut til alle

Det er all grunn til å leggja ferien sin til Ryfylke. Nå lanserer me ein storstilt kampanje med 12 filmar frå ulike stader i Ryfylke, stader me er sikker på du vil ha glede av å besøkja. Bli med når våre 12 vertar viser deg sine kjente og ukjente skattar frå sine...

Fest i 20 den 20. i 2020

Fest i 20 den 20. i 2020

Nå er det klart for feiring på Rennesøy. Og for Sjøberg Ferie på Østhusvik er talet 20.- Me opnar igjen med sommarkafé laurdag 20. juni. Det passar godt når me fyller 20 år i år, og det i 2020, smiler dagleg leiar Kai Risa. Opninga er etterlengta. Som mange andre...

Opplev blomar og dyr på Talgje

Opplev blomar og dyr på Talgje

Øya Talgje er ikkje så stor, men jammen rommar den både ein flott familiepark og eit bugnande gartneri som får folk til å ta vegen gjennom tunnelen! Fiolen Familiepark ligg aust på øya med flott utsikt over fjorden. Her kan ein oppleva nærkontakt med både gardsdyr som...

Pin It on Pinterest

Share This