Øyposten i 50-årsrus satsar i Ryfylke

feb 4, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Stavanger? Ryfylke? Finnøy og Rennesøy? Lokalavisa Øyposten på Finnøy finpussar, satsar og jubilerer med solid fotfeste på Ryfylkeøyane.

Lesarane av Øyposten såg ei markant endring på framsida siste torsdagen i januar. Ny logo, eit 50-årsjubileumsmerke og undertittel: «Lokalavisa for Ryfylkeøyane.» Det som før var lokalavis for Finnøy kommune, via «øyane i Stavanger nord», har ankra livleg opp som ei avis for Ryfylkeøyane i gamle Finnøy OG Rennesøy kommunar.

1. januar i år blei Finnøy, Rennesøy og Stavanger kommunar slått saman til Stavanger. By og land, med godt over 143 000 innbyggjarar, kor av vel 5,6 prosent av desse bur på 24 øyar i Rennesøy og Finnøy. Øyposten er ei lokalavis i ein ny stor kommune, og har ikkje tenkt å «putla» i det små.

Øyriket i Ryfylke
– Me i Øyposten skal vera det viktigaste talerøyret for dei to nye kommunedelane i storkommunen, Rennesøy og Finnøy. Her handlar det om å ta vare på og byggja felles identitet inn i ei ny tid. Då basert på vår rike kultur og tradisjon, og som eit innovativt og viktig øyrike i Ytre Ryfylke og nye Stavanger kommune, seier redaktør Rune Nedrebø i eit intervju i avisa.

Øyposten jubilerer og satsar ekstra på øyane i Ryfylke, slår redaktør Rune Nedrebø (t.h.)
og dagleg leiar Kristian Spanne fast. Foto: Gudmund Rørheim

Øyposten har dei siste to åra satsa monaleg i Rennesøy, i tillegg til Finnøy, ikkje minst grunna den planlagde kommunesamanslåinga. Avisa har i tillegg satsa sterkt digitalt, ja mange meiner meir enn andre lokalaviser på denne storleiken. Både tilbakemeldingar og ikkje minst tal på abonnentar har gått i rett retning.
– Me skal både vera sterke og tydelege, famna breitt, og som avis blir det nye tyngdepunktet Ryfylkeøyane nord i Stavanger, poengterer Nedrebø.

50 år og fleire folk
I oktober er det 50 år sidan Øyposten kom ut for første gong. Då var det eit kommunalt informasjonsorgan for Finnøy kommune. Nå er Øyposten eigd av private aktørar, og står redaksjonelt fritt på eigne bein. Redaksjonen skal også snart bli styrka med ein journalist til, i tillegg til dei tre som i dag delar to stillingar. 50-åringen skal dessutan feirast.
– Det blir ekstra markering i oktober, ver du sikker. Men, alt nå har me markert jubileet med ny bladbunad og logo. I tillegg vil me «kle opp» avisa redaksjonelt gjennom året og koma med herlege drypp frå avisa si 50-årige historie, fortel Rune Nedrebø, og kastar seg over neste deadline.

Du kan sjølv besøkja Øyposten på www.oyposten.no

Arkiv

Relaterte innlegg

Smarte Ryfylke-elevar i forseinka quiz

Smarte Ryfylke-elevar i forseinka quiz

Kven veit mest om Ryfylke av 14-åringane i regionen? Nå er skulefinalane i gang, og i oktober er det klart for direktesendt storfinale. Denne veka rulla Ryfylkequizen i gang igjen. Både ungdomsskulane på Tau, Hjelmeland og i Suldal har kåra sine skulemeistrar. For...

Kven blir årets Pilt-Ola?

Kven blir årets Pilt-Ola?

I november er det nok ein gong klart for gjev prisutdeling, når årets Pilt-Ola pris skal delast ut. Men, kven skal få prisen? Det kan du vera med å påverka. For fjerde året på rad skal Ryfylkealliansen dela ut denne prestisjetunge heidersprisen til ein person som har...

Jørpeland er «hot»

Jørpeland er «hot»

Folk strøymde til Jørpeland i sommar. Ein god del tok turen vidare til Preikestolen. Og fleire har handla fritidsbustad utan særleg tenketid. Det blei ikkje eit Ryfastblaff. Då Ryfylketunnelen opna 30. desember i fjor, fekk ytre Ryfylke generelt og Jørpeland spesielt...

Pin It on Pinterest

Share This