På ekta!

jun 12, 2023 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende, Ryfylkealliansen

Det er namnet på Ryfylkepuls sin nye Podcast. Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta.

Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg. Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.

Møt Bjarte Sørensen i episode 1. Han lovprisar små samfunn, og meiner verdien av at «alle kjenner alle» er mykje større enn ulempene. Det har Bjarte Sørensen erfart som kommunelege gjennom 16 år i si eiga heimbygd. Likevel kastar han loss, og reiser langt, langt vekk frå sitt kjære Ryfylke. Ja, kanskje for godt.

Møt Hildeborg Juvet Hugdal i episode 2. Styrkeløftar i verdsklasse, åleinemor og engasjert lærar. Ho har satsa alt og det har gått på helsa laus. Men, ikkje tale om ho vil gje seg. For visst går det an å bli verdas sterkaste kvinne om ein bur i Sauda, lengst inn i Ryfylke. Ho erobra verda, etablerte seg i byen, men fann freden heime i Sauda igjen. Me møter også elevar i tredje klasse som skal bli verdsmeistrar dei også, akkurat som lærar Hildeborg.

Neste utgåve av «På ekta» er tilgjengeleg frå fredag 7. juli. Då møter du globetrotteren Helene Helgøy, som elskar å farta rundt i heile verda og er konstant rastlaus. Men, når alt kom til alt, har ho slått seg ned på barndomsøya med 44 innbyggjarar og har sin første faste stilling i nettopp … familiebedrifta Helgøy Skyssbåt. Men, om ho blir verande? Vel, ingen veit kor Helene Harefrøken hoppar.

Podcasten kan høyra her, eller på Spotify og Apple Podcasts.

Ryfylkepuls sin podcast «På ekta» blir produsert av Ryfylkealliansen, i samarbeid med Sparebanken Vest og Rogaland Fylkeskommune.

Arkiv

Relaterte innlegg

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Søknadsfristen nærmar seg!

Søknadsfristen nærmar seg!

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse.  Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen "Det beste i den enkelte" er tilsette ved Strand vgs opptatt av og bevisste på å sjå...

Spring for livet

Spring for livet

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre.   Gjer deg klar for...

Pin It on Pinterest

Share This