Per Inge Fjellheim er vinnar av Pilt-Ola prisen 2022

nov 9, 2022 | Framside, Lite toppbilde, Nyhende, Ryfylkealliansen

Foto: Benjamin Nordhagen, Portal Norge

Han har lagt til rette for folkefest og folkehelse i årevis, og på same tida sett Ryfylke på kartet nasjonalt. Per Inge Fjellheim frå Sauda er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen 2022.

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg delte ut prisen under Arena Ryfylke på Jelsa onsdag ettermiddag. Det var ein tydeleg rørt prisvinnar som tok imot Pilt-Ola statuetten.

Per Inge Fjellheim hadde ein draum om å samla nokre folk i motbakkane opp mot Hovlandsnuten. Arrangementet blei større enn draumen. I 2007 deltok 60 personar i det som var det første motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp i Sauda. Nå samlar arrangementet over 1000 deltakarar, med alt frå toppidrettsutøvarar og mosjonistar til glade turgåarar i alle aldrar. Hovlandsnuten Opp var Norgesmeisterskap i motbakkeløp både i 2014 og 2022, og har hatt Norgescup-status ved fleire høve.

Men, Hovlandsnuten Opp er meir enn eit arrangement ein laurdag i juni. Stien og vegen frå Saudasjøen og opp til Hovlandsnuten, 931 meter over havet, er utbetra, lagt om og tilrettelagt fleire gonger. Her er det etablert Eventyrskog, Trollplass, gapahuk og benker, i eit område som folk nyttar året rundt. Alt etter initiativ frå Per Inge Fjellheim.
– Utan hans utrettelege innsats, evne til å skaffa finansiering og god kontakt med grunneigarar, ville slike resultat vore umoglege, sa Arne Bergsvåg då han las opp juryen si grunngjeving.

Per Inge har hatt gode hjelparar med seg, både lokalt i Sauda og meir internasjonalt. Då snakkar me om sherpaer frå Nepal, som seinast i oktober var i Sauda for å leggja fleire steintrapper opp til Hovlandsnuten. Det var også Per Inge Fjellheim som fekk med seg steinleggjarane frå Nepal til å byggja trapper heilt opp til Svandalsfossen, ved Nasjonal Turistveg i Sauda. Per Inge har eigenhendig stått for vedlikehald og kantklipping ved Svandalsfossen i 16 år.

Dugnadsgeneralen frå Sauda fekk mange gode ord frå juryen, ikkje minst:
– Innsatsen til Per Inge Fjellheim har kosta tid og krefter. Men, motbakkar har bokstaveleg tala blitt eit pluss. Inga hindring, men rett og slett ein ressurs.

Per Inge Fjellheim- stolt vinnar av Pilt-Ola prisen 2022

Les juryen si grunngjeving her

Per Inge om fotografering og dugnad
Per Inge Fjellheim om Pilt-Ola gangen

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Pin It on Pinterest

Share This