Pilt-Ola prisen 2021 til Gunvor Fiskå

nov 11, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Ho er samfunnsengasjert, og har alltid vore oppteken av å få ungdom i arbeid og brenn for faget sitt. Gunvor Fiskå frå Jørpeland er tildelt den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen.

Fylkesordførar Marianne Chesak delte ut prisen under Arena Ryfylke på Hjelmeland torsdag kveld. Drivaren av Ryfylke bakeri & konditori, mottok stolt Pilt-Ola statuetten.

Gunvor Fiskå fann tidleg oppskrifta på suksess, og berre 23 år gamal starta ho si eiga verksemd som ho fortsett driv både på Jørpeland og Tau.

Ho har våga å satsa, og  var den første kvinna i landet som utdanna seg til både bakar- og konditormeister. Gunvor sitt engasjement for å skapa nye arbeidsplassar og for stadig fagleg utvikling bidrar til å løfta bakar- og konditorbransjen i Ryfylke og Noreg.

Verksemda hennar blei heidra med ein gjev nasjonal pris og fekk tittelen  Årets Bakeri 2021, og ho har også vunne heider i konkurransen Årets Kake.

Fylkesordførar Marianne Chesak kunne vidare lesa frå juryen si grunngjeving:
– Gunvor Fiskå er ein framifrå representant for Ryfylke! Ho profilerer Ryfylke under Gladmatfestivalen i Stavanger, leiar Stavanger og Omegn Bakar- og Konditorlaug, sit i styret for opplæringskontoret for matfag og skriv nå også lærebok for konditorfaget.

– Med sitt engasjement bidrar Gunvor Fiskå til bulyst og framtidstru i Ryfylke. Ho er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen 2021.

Høyr intervju med Gunvor på NRK Rogaland her: Lokalen – Distriktsprogram – Rogaland – NRK Radio

Juryen si grunngjeving:

Årets vinnar av Pilt-Ola-prisen er ei kvinne med samfunnsengasjement på høgt nivå.

Ho har alltid vore oppteken av å få ungdom i arbeid, at verksemda skal ha lærlingar og at alle tilsette stadig skal få lære meir.

Ho fann tidleg vegen ho ville gå og ho fann oppskrifta på suksess.

Berre 23 år gamal var ho i gong med eigen verksemd – som ho stadig driv.

Og som Pilt-Ola sjølv har ho makta motbakkar, våga å satse og ikkje minst hatt eit sterkt engasjement for å skapa arbeidsplassar, for forretning – og for god mat til alle!

Me er svært glade for at me nå kan heidra Gunvor Fiskå med Pilt-Ola prisen 2021!

Du var den første kvinna i landet som utdanna seg til både bakarmeister og konditormeister.

Du har fleire gonger vunne heider, til dømes i konkurransen Årets Kake.

Ryfylke er basen din, med verksemder både på Jørpeland og på Tau.

Og dessutan er du ein framifrå representant for Ryfylke på til dømes Glad Mat i Stavanger.

Du er leiar i Stavanger og Omegn Baker- og Konditorlaug, sit i styret for opplæringskontoret for matfag og skriv nå lærebok for konditorfaget. Mer er ikkje i tvil om at du brenn for faget ditt!

Ganske nylig blei du og verksemda di heidra med ein gjev nasjonal pris og fekk tittelen Årets Bakeri 2021. Me er så stolte over at du tok denne heideren hit til Ryfylke!

I Statuttane for Pilt-Ola prisen står det mellom anna:

– At kandidaten kan inspirera til fornyande og framtidsretta innsats i og for Ryfylke

Det oppfyller du på ein framifrå måte med ditt engasjement for ungdom og for stadig faglig utvikling. Du skaper arbeidsplassar. Du bidreg til bulyst og framtidstru i Ryfylke og du bidreg til å løfte bakar- og konditorbransjen!

Vidare står det i Statuttane:

– At tildelinga skal gi god marknadseffekt for Ryfylke.

Og tenk dette, kjære vener, årets vinnar løfter Ryfylke, og løfter Ryfylkingen med – mellom anna – dei beste sjokoladekakene! Kan det bli betre?

Gunvor Fiskå, du er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen 2021!

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This