Pilt-Ola prisen for 2019 til Magnhild Meltveit Kleppa

nov 5, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Tysdag 5. november mottok Magnhild Meltveit Kleppa årets Pilt-Ola pris. Prisen blei stifta av Ryfylkealliansen i 2016. Tidlegare er den gjeven til Jon Arne Helgøy og Bjørn Moe. Meltveit Kleppa fekk prisen om bord i Rygerdronningen på tur i ryfylkefjordane under Arena Ryfylke.

Det er nok kanskje ikkje heilt rett å seia at Magnhild er mor til Ryfast. Men ho var i alle fall jordmor! Ho hjelpte definitivt til under fødselen, og bar også fram prosjektet som samferdselsminister i regjeringa. Ja, slik sett har ho jo også ei rolle som mor.

Som Pilt-Ola sjølv var i si tid, er Magnhild også kjend over det ganske land for store tankar, store prosjekt, og ein arbeidskapasitet heilt utanom det vanlege.

Magnhild og sambygding Arne fann kvarandre ganske tidleg. Ho blei lærar, på Jøsneset, på Jørpeland og på Hjelmeland. I ei tid då mange kvinner valde å vere heimeverande, ville Magnhild vera i arbeid og var ein av dei som kjempa fram den første barnehagen i Hjelmeland. Ho såg at det ho brann for i nærmiljøet, det blei vedteke i kommunestyret.
Ein gnist blei tent. Magnhild blei politikar.

Ho blei kommunepolitikar, fylkespolitikar og stortingspolitikar. Magnhild blei statsråd i tre ulike departement, og ho vart fylkesmann i Rogaland. Til saman er det vorte 40 år av sitt liv i teneste for samfunnet.

Magnhild har vore, og er, ein samfunnsbyggjar med kondisjon og styrke av Pilt-Ola-liknande dimensjonar. Ho har vore tru mot sine røter. Ho er ein ekte ryfylking. Med sitt utrettelege virke har ho bygd landet og bygd Ryfylke. Ho har gjort Ryfylke større og ryfylkingen sterkare.
Magnhild Meltveit Kleppa er i sanning ein verdig vinnar av Pilt-Ola-prisen 2019!

Kvifor ein pris i Pilt-Ola sitt namn?
Ole Olsen Sangesand (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Heile livet arbeidde han med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole Olsen Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. Han blei ein av dei store kjendisane i Norge i første halvdel av 1800-talet.

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidrege til positiv utvikling i og for Ryfylke, som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og (andre) allmenne tiltak.

Juryen har bestått av Tora-Liv Thorsen, Audun Rake, Leif Arild Steen, Geir Ims og Eirik Moe.
Prisen er ein Pilt-Ola statuett som i si tid blei utforma av Svein Håvarstein.

Ryfylkealliansen, som deler ut prisen, er ei samanslutning av offentlege og private verksemder som har fokus på verdiskaping, bulyst og identitet i Ryfylke.

Du kan lesa meir om Pilt-Ola og dei ulike vinnarane her.
Og NRK-Rogaland-saka kan de sjå her. (trykk på pkt 4 under videoen)

 

Arkiv

Relaterte innlegg

Optimisten trur på opptur

Optimisten trur på opptur

- Akkurat nå sit eg på gjerdet og ventar på at det losnar. Då trur eg det blir ein bra sommar, seier Kai Risa på Rennesøy. Han er klar for aktivitet og bubilar.Kai Risa har styrt Sjøberg Ferie i over halvparten av dei 21 åra verksemda har eksistert. I sjøkanten på...

Kva veit du om Ryfylke?

Kva veit du om Ryfylke?

Quiz deg til flotte premiar frå Ryfylke! Kvart år kjempar 8.klassingane i Ryfylke i den store Ryfylkequizen. Ryfylkealliansen reiser rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. 8.klassingane får også eit innhaldsrikt...

Vel verd å feira eittåring

Vel verd å feira eittåring

Med bakvarer, komler, varme smil og nystrokne t-skjorter feira Ryfylke Bakeri og Konditori eit år i nye lokale på Tau. Og folk blei med på festen.- Det har vore ein kjekk, travel dag. Ja, godt med folk frå morgon til kveld, og meir gjestar og pengar i kassen enn ved...

Pin It on Pinterest

Share This