Pilt-Ola prisen for 2020 til Jan Terje Vignes

nov 12, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Han tenkjer stort og kan 10-gongen. 3000 kvadratmeter drivhus er blitt til 30 000 kvadratmeter. Tomatgartnar Jan Terje Vignes frå Finnøy er tildelt den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen. Fylkesordførar Marianne Chesak delte naturlegvis ut prisen i veksthuset hjå Jan Terje på Lauvsnes.

– Årets vinnar er ein ekte Pilt-Ola! 
Slik innleia fylkesordføraren då Pilt-Ola prisen 2020 blei tildelt den 39 år gamle gartnaren på Finnøy. Jan Terje Vignes har produsert tomatar sidan han var 18 år.
– Jan Terje vil at folk skal få god og sunn mat. Han løftar ein heil bransje. Han er ein samfunnsbyggjar, og han har møtt kongen. Ikkje som Pilt-Ola med en reinsdyrflokk over fjellet. Men, i Lauvsnes Gartneri, heime på Finnøy i Ryfylke, sa Marianne Chesak og la til: – Verksemda ligg langt framme med omsyn til energiøkonomisering og er først i landet med miljøvenleg pakking.

Som Pilt-Ola sjølv fekk erfara i si tid, har også dagens vinnar møtt motbakkar og utfordringar. Men, han har funne løysingar og går vidare – med erfaringar og med ei begeistring som smittar og som løfter heile tomatbransjen.

– Med sitt virke løftar Jan Terje heile Ryfylke som matprodusent inn i framtida; til glede for Ryfylke, for regionen, ja for heile landet, avrunda fylkesordføraren før ho delte ut Pilt-Ola statuetten til ein rørt prisvinnar Jan Terje Vignes.

Kvifor ein pris i Pilt-Ola sitt namn?
Ole Olsen Sangesand (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Heile livet arbeidde han med eitt mål for auga: Å skaffa folk betre levekår og nok mat. Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole Olsen Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. Han blei ein av dei store kjendisane i Norge i første halvdel av 1800-talet.

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidrege til positiv utvikling i og for Ryfylke, som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og andre, allmenne tiltak.

Juryen har bestått av Marianne Chesak, Magnhild Meltveit Kleppa, Audun Rake, Geir Ims og Eirik Moe. Prisen er ein Pilt-Ola statuett som i si tid blei utforma av Svein Håvarstein.

Ryfylkealliansen, som deler ut prisen, er ei foreining med over 160 offentlege og private verksemder som har fokus på verdiskaping, bulyst og identitet i Ryfylke. Det er fjerde gong at prisen blir delt ut. Prisen blei gjeven til Jon Arne Helgøy i 2017, til Bjørn Moe i 2018 og i fjor var det Magnhild Meltveit kleppa som fekk Pilt-Ola prisen.

Du kan lesa heile grunngjevinga til juryen her.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This