Pilt-ola prisen

pilt-ola prisen

Pilt-Ola-prisen er ein pris i Pilt-Ola si ånd, der ein set fokus på verdiar, visjonar og strategiar Ole Olsen Sangesand blei kjend for. Ryfylkealliansen delar ut prisen årleg.

Kva er Pilt-Ola Prisen?

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke , som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd.

VINNAR AV PILT-OLA PRISEN 2023:
ERIK DANIELSEN

Juryen si grunngjeving: 

Det er ein utolmodig, handlekraftig og uredd person som mottar årets Pilt-Ola pris i Ryfylke. Vinnaren har saman med sine kollegaer utvikla ein moderne og populær skule, som stadig er på leit etter nye moglegheiter og fleire bein å stå på.  

Sjølv har prisvinnaren vore tilsett ved same arbeidsplass, sidan han som nyutdanna gymnastikklærar fekk jobb ved Strand vidaregåande skule på Jørpeland i 1987. Kort tid etter flytta ein over i nye lokale på Tau, der skulen har hatt ei rivande utvikling i nærare 35 år. Det gjeld ikkje minst sidan 2007, då Erik Danielsen overtok som rektor. 

To år tidlegare, i 2005, hadde han som avdelingsleiar gått i bresjen for bygginga av Ryfylkehallen, ein fotball- og idrettshall som då var den største og einaste i Rogaland. Hallen var eit unikt samarbeid mellom fylkeskommunen som skuleeigar, lokalt næringsliv, kommune og dei lokale idrettslaga. Og ingen er i tvil om at hovudarkitekten bak hallen var nettopp Erik Danielsen.  

Hallen gav grobotn for at Rogaland Fylkeskommune etablerte idrettslinje ved Strand vidaregåande skule. Ei anna suksesshistoria er havbrukssenteret med akvahall på skulen. Etter at Strand vgs overtok havbruks- og fiskeriutdanninga i Rogaland, har alle pilar peika oppover. Med solid partnarskap med havbruksnæringa, er naturbruksutdanninga eit fyrtårn i norsk målestokk. Erik Danielsen har brukt vesentleg med energi og kløkt i denne prosessen. 

Rektor Danielsen er ikkje redd for å søkja nye utfordringar på vegner av skulen, og toler om ikkje alt slår til. «Me må prøva!», seier han tydeleg og veit at musikkutdanning og e-sport ikkje er plankekøyring. Men, som det står i statuttane til Pilt-Ola prisen: «Kandidaten har ikkje gjeve opp, trass motbakkar». 

Pilt-Ola prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke, og som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt. Dette kan ein utan tvil seia om Erik Danielsen. Strand vidaregåande skule er svært populær både blant ungdom i Ryfylke og Stavanger. Då Erik Danielsen starta som rektor var det 340 elevar ved skulen. I dag er talet 650, og nå startar utbygginga for å kunna husa 800 elevar om tre-fire år. 

Nye idrettsanlegg skal også byggjast, og filosofien er at anlegga skal brukast av skulen på dagtid og lokalsamfunnet på kveldstid.  

I statuttane står det at «tildelinga gjev god marknadseffekt for Ryfylke». For å seia det rett ut: Erik Danielsen har bidratt til at Strand vidaregåande skule er eit flaggskip for både ungdom, skule og næringsliv i regionen.  

Det er også prisverdig at rektoren har gått i spissen for løfta fram verdisynet til skulen: «Å sjå det beste i den enkelte.» Dette gjeld både overfor tilsette og elevar. Her veit juryen at Erik Danielsen er ein populær og omgjengeleg rollemodell, som byr på seg sjølv, vågar å stikka seg fram, tar rommet, men ikkje minst gjev rom og plass til dei som er rundt han.  

Erik Danielsen er ingen typisk fylkeskommunal administrator. Han vil ha fortgang og resultat, og gjev klar beskjed kva han meiner og kva han trur vil verka. Derfor har han lukkast som leiar og medmenneske, og er til inspirasjon for mange i og utanfor Ryfylke.  

Erik Danielsen er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen 2023!  

VINNAR AV PILT-OLA PRISEN 2022: 
Per Inge Fjellheim

 

Juryen si grunngjeving:

Vinnaren av Pilt-Ola prisen 2022 har i årevis lagt til rette for opplevingar og turgleder for tusenvis av menneske. Med tungt fysisk arbeid, blikk for organisering og teft for å få med samarbeidspartnarar, har han skapt eit storstilt arrangement i Ryfylke, som nå er kjent i heile Norge.

I 2007 deltok 60 personar i det som var det første motbakkeløpet Hovlandsnuten Opp i Sauda. Nå samlar arrangementet over 1000 deltakarar, med alt frå toppidrettsutøvarar og mosjonistar til glade turgåarar i alle aldrar. Hovlandsnuten Opp var Norgesmeisterskap i motbakkeløp både i 2014 og 2022, og har hatt Norgescup-status ved fleire høve. Sjølv om me jo veit at lokalsamfunnet i Sauda løftar i flokk, hadde det ikkje vore noko Hovlandsnuten Opp utan Per Inge Fjellheim; gründer, organisator og gjennomførar.

Men, Hovlandsnuten Opp er mykje meir enn eit arrangement ein laurdag i juni. Stien og vegen frå Saudasjøen og opp til Hovlandsnuten, 931 meter over havet, er utbetra, lagt om og tilrettelagt fleire gonger. Her er det etablert Eventyrskog, Trollplass, gapahuk og benker. Alt etter initiativ frå Per Inge Fjellheim. Utan hans utrettelege innsats, evne til å skaffa finansiering og god kontakt med grunneigarar, ville slike resultat vore umoglege. Seinast i oktober var det nytt arbeid med å utbetra stien. Då var Sherpa-steinleggjarar på plass, på Per Inge sitt initiativ. Opp- og nedturen for turgåarar blir så mykje, mykje betre.

Apropos sherpatrapper. Kven var det som fekk ordna skikkelege trapper heilt opp til Svandalsfossen, ved Nasjonal Turistveg-anlegget i Sauda? Sjølvsagt Per Inge Fjellheim. Nå kan folk fota seg opp til sjølve storfossen, i det som er blitt ei turperle. Per Inge har eigenhendig stått for vedlikehald og kantklipping ved Svandalsfossen sidan 2006. 

Pilt-Ola sjølv, Ole Olsen Sangesand ønskte å skaffa folk betre levekår. Det er i Per Inge Fjellheim si ånd. Han brenn for dugnadslivet, og er der ein bauta. Per Inge ivrar for at folk skal koma seg ut og vera aktive, ja her går folkehelse og trivsel hand i hand. Og det gjeld for alle. Når det er Hovlandsnuten Opp, får Per Inge med seg både barnehagar, helsearbeidarar, taxisjåførar og grupper med funksjonshemmingar. Topptur er for alle.

I statuttane for Pilt-Ola prisen står det mellom anna:

– At kandidaten ikkje har gjeve opp trass i motbakkar.
Innsatsen til Per Inge Fjellheim har kosta tid og krefter. Men, motbakkar har bokstaveleg tala blitt eit pluss. Inga hindring, men rett og slett ein ressurs.

Vidare står det i statuttane:

– At kandidaten kan inspirera til fornyande og framtidsretta innsats i og for Ryfylke.
Per Inge Fjellheim har nytta naturgjevne forhold til både å skapa ein folkefest, men også løfta folkehelsa i eit vidt perspektiv året rundt.

Og så legg ein vekt på dette:

– At tildeling gjev god marknadseffekt for Ryfylke.
Hovlandsnuten Opp er blitt eit nasjonalt arrangement i Ryfylke. Og tilgjenge til Svandalsfossen er dessutan ein del av Nasjonal Turistveg.

Per Inge Fjellheim er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen 2022!

VINNAR AV PILT-OLA PRISEN 2021: 
Gunvor Fiskå

Juryen si grunngjeving:

Årets vinnar av Pilt-Ola-prisen er ei kvinne med samfunnsengasjement på høgt nivå.

Ho har alltid vore oppteken av å få ungdom i arbeid, at verksemda skal ha lærlingar og at alle tilsette stadig skal få lære meir.

Ho fann tidleg vegen ho ville gå og ho fann oppskrifta på suksess.

Berre 23 år gamal var ho i gong med eigen verksemd – som ho stadig driv.

Og som Pilt-Ola sjølv har ho makta motbakkar, våga å satse og ikkje minst hatt eit sterkt engasjement for å skapa arbeidsplassar, for forretning – og for god mat til alle!

Me er svært glade for at me nå kan heidra Gunvor Fiskå med Pilt-Ola prisen 2021!

Du var den første kvinna i landet som utdanna seg til både bakarmeister og konditormeister.

Du har fleire gonger vunne heider, til dømes i konkurransen Årets Kake.

Ryfylke er basen din, med verksemder både på Jørpeland og på Tau.

Og dessutan er du ein framifrå representant for Ryfylke på til dømes Glad Mat i Stavanger.

Du er leiar i Stavanger og Omegn Baker- og Konditorlaug, sit i styret for opplæringskontoret for matfag og skriv nå lærebok for konditorfaget. Mer er ikkje i tvil om at du brenn for faget ditt!

Ganske nylig blei du og verksemda di heidra med ein gjev nasjonal pris og fekk tittelen Årets Bakeri 2021. Me er så stolte over at du tok denne heideren hit til Ryfylke!

I Statuttane for Pilt-Ola prisen står det mellom anna:

– At kandidaten kan inspirera til fornyande og framtidsretta innsats i og for Ryfylke

Det oppfyller du på ein framifrå måte med ditt engasjement for ungdom og for stadig faglig utvikling. Du skaper arbeidsplassar. Du bidreg til bulyst og framtidstru i Ryfylke og du bidreg til å løfte bakar- og konditorbransjen!

Vidare står det i Statuttane:

– At tildelinga skal gi god marknadseffekt for Ryfylke.

Og tenk dette, kjære vener, årets vinnar løfter Ryfylke, og løfter Ryfylkingen med – mellom anna – dei beste sjokoladekakene! Kan det bli betre?

Gunvor Fiskå, du er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen 2021!

VINNAR AV PILT-OLA PRISEN 2020: 
JAN TERJE VIGNES

Juryen si grunngjeving:

Årets vinnar er ein ekte Pilt-Ola! 
Han tenkjer stort. Han kan 10-gangen.
Han bygde først 3.000 kvadratmeter drivhus, så 30. 000 kvadratmeter!
Han vil at folk skal få god og sunn mat.
Han løftar ein heil bransje. Han er ein samfunnsbyggjar.
Og han har møtt kongen.
Ikkje som Pilt-Ola med en reinflokk over fjellet, men i Lauvsnes Gartneri, heime på Finnøy i Ryfylke.

 Jan Terje Vignes overtok garden då han var 18. Nå er han 39 og ein av dei aller fremste tomatgartnarane i Norge, med 45 tilsette. Verksemda ligg langt framme med omsyn til energiøkonomisering og er først i landet med miljøvenleg pakking.

 Som Pilt-Ola sjølv fekk erfare i si tid, har óg dagens vinnar møtt motbakkar og utfordringar. Men han har funne løysingar og går vidare – med erfaringar og med ei begeistring som smittar og som løfter heile tomatbransjen.

 Med sitt virke løftar han Ryfylke som matprodusent – inn i framtida, til glede for Ryfylke, for regionen, ja for heile landet.

Jan Terje Vignes er ein verdig vinnar av Pilt-Ola prisen!

VINNAR AV PILT-OLA PRISEN 2019: 
MAGNHILD MELTVEIT KLEPPA

Juryen si grunngjeving:

“Der det er vilje, der er det veg,” sa ho seinhaustes 2012, då ho stakk spaden i jorda på Solbakk og slik offisielt starta arbeidet med Ryfast. Då var Magnhild Meltveit Kleppa stortingsrepresentant, men då vedtaket om Ryfast blei fatta i Stortinget i juni same året var ho samferdselsminister.

Det er nok kanskje ikkje heilt rett å seia at Magnhild er mor til Ryfast. Men ho var i alle fall jordmor! Ho hjelpte definitivt til under fødselen, og bar også fram prosjektet som samferdselsminister i regjeringa. Ja, slik sett har ho jo også ei rolle som mor.

Som Pilt-Ola sjølv var i si tid, er Magnhild også kjend over det ganske land for store tankar, store prosjekt, og ein arbeidskapasitet heilt utanom det vanlege.

Magnhild og sambygding Arne fann kvarandre ganske tidleg. Ho blei lærar, på Jøsneset, på Jørpeland og på Hjelmeland. I ei tid då mange kvinner valde å vere heimeverande, ville Magnhild vera i arbeid og var ein av dei som kjempa fram den første barnehagen i Hjelmeland. Ho såg at det ho brann for i nærmiljøet, det blei vedteke i kommunestyret.
Ein gnist blei tent. Magnhild blei politikar.

Ho blei kommunepolitikar, fylkespolitikar og stortingspolitikar. Magnhild blei statsråd i tre ulike departement, og ho vart fylkesmann i Rogaland. Til saman er det vorte 40 år av sitt liv i teneste for samfunnet.

Magnhild har vore, og er, ein samfunnsbyggjar med kondisjon og styrke av Pilt-Ola-liknande dimensjonar. Ho har vore tru mot sine røter. Ho er ein ekte ryfylking. Med sitt utrettelege virke har ho bygd landet og bygd Ryfylke. Ho har gjort Ryfylke større og ryfylkingen sterkare.
Magnhild Meltveit Kleppa er i sanning ein verdig vinnar av Pilt-Ola-prisen 2019!

VINNAR AV PILT-OLA PRISEN 2018: 
Bjørn Moe

Juryen si grunngjeving:
Bjørn Moe er nærmast for ein bauta å rekne, med lidenskap for spesielt laksen og Suldalslågen som få andre har.

Me snakkar ikkje berre om laksen og lågen som ein økonomisk ressurs og noko som er ein viktig innsatsfaktor for «butikken», men om eit ekte engasjement og «passion» for den sårbare naturen. Han er raus, kunnskapsrik, inkluderande og eit veldig godt eksempel på ekte vertskap.

Han er ein framifrå mentor for mange. Han har gong på gong har vist at Suldalsbonden er god på omstilling og til å sjå moglegheiter. Framtida skaper me sjølv!

Blant fleire eksempel er sjølvsagt laksesafarien som blei født då laksefisket ikkje var særleg godt. Korleis bruke ressursane me har på andre måtar? Han har gjennom åra skaffa seg eit enormt nettverk, ikkje minst internasjonalt.

Alle tv- og filmteam som har vore på besøk dei siste åra vitnar om dette og set Suldal, Ryfylke og Norge på kartet verda over.

Bjørn tar sjeldan stor plass der han ferdast, men du veit han er der. Ei stille og trygg ro. Men tydeleg og sterk når han må.

VINNAR AV PILT-OLA PRISEN 2017: 
Jon arne helgøy

Juryen si grunngjeving:
Som Pilt-Ola sjølv viser du raushet i møte med alle – og du er ein dyktig historieforteljar og formidlar.

Med di framferd er du slik eit framifrå døme på dette viktig aspektet i all næringsutvikling og -verksemd:
At i tillegg til at teknisk/praktisk tenesteleveranse må være av høg kvalitet, må ein óg levera på det personlege plan.

Du har vist, gjennom ord og gjerning, at du er målbevisst, jovial, dyktig, morosam, prinsippfast, uredd, folkeleg og omtenksom.

Du er ikkje redd for å ta dei svakes parti og vik ikkje frå deira side.
Med ditt blide vesen, dei humoristiske kommentarane og din smittande latteren har du blitt ein mann av folket.

Med di framferd og di verksemd bidreg du til det gode liv i Ryfylke.
Og du gjev turistar og gjester i Ryfylke unike opplevingar som dei tek med seg verda rundt!

Ja, vinnaren av den første Pilt-Ola prisen er allereie blitt ein levande legende!

Gratulerer, Jon Arne!

JURYMEDLEMMER 2023

Eirik Moe, juryleiar (eirik.moe@mokleiv.no)

Hogne Fjellanger

Asbjørn Birkeland

Magnhild Meltveit Kleppa

Marianne Chesak

Statuttar for «Pilt-Ola prisen»

Pilt-Ola prisen blei stifta av Ryfylkealliansen under Arena Ryfylke 10. november 2016.

Statuttar blei vedtatt av styret i Ryfylkealliansen 12.06.2017.

Ole Olsen Sangesand (1779-1858) var husmannsson, kom frå Lysefjorden og blei viktig i bygginga av nasjonen Norge etter 1814. Heile livet arbeidde han med eitt mål for auga: Skaffa folk betre levekår og nok mat! Ideane hans var både nyskapande og dristige, og saman med ein utradisjonell livsstil, skapte Ole O. Sangesand seg eit namn som blei kjent over heile landet. ”Pilt-Ola” var det folk oftast kalla han, og det tilnamnet levde han godt med.

§ 1

Pilt-Ola-prisen er ein pris i Pilt-Ola si ånd, der ein set fokus på verdiar, visjonar og strategiar Ole Olsen Sangesand blei kjend for. Ryfylkealliansen kan dela ut prisen årleg, gjerne under arrangementet «Arena Ryfylke».

§ 2

Prisen skal gå til enkeltpersonar som har bidratt til positiv utvikling i og for Ryfylke , som har sett spor etter seg ved å tenkja nytt, ved å våga å ta risiko, som har lukkast og som har ei god forteljing i Pilt-Ola si ånd. Like mykje som tiltak innan næring og økonomisk verdiskaping, kan det leggast vekt på samfunnsmessige og (andre) allmenne tiltak.

I vurderinga av kandidatar kan det leggast vekt på:

– At kandidaten sitt virke og hans/hennar forteljing liknar på dei verdiar, visjonar eller strategiar Pilt-Ola sjølv representerte. Vinnaren blir heidra for å bera vidare ein arv frå Pilt-Ola.

– At kandidaten ikkje har gitt opp trass i motbakkar

– At kandidaten kan inspirera til fornyande og framtidsretta innsats i og for Ryfylke

– At kandidaten sitt prosjekt eller forteljing har eit universelt perspektiv

– At tildelinga gir god marknadseffekt for Ryfylke.

Forståinga av Ryfylke skal vere vid.

§ 3

Innan ein frist fastsett av styret i Ryfylkealliansen kan medlemmene i Ryfylkealliansen føreslå kandidatar. Kandidaten treng ikkje vera medlem av Ryfylkealliansen. Forslag må vera grunngitt ut frå kriteria i § 2.

Styret i Ryfylkealliansen kan óg føreslå kandidatar.

§ 4

Ein jury på 3-5 personar, utpeika av styret i Ryfylkealliansen for to år om gongen, bestemmer kven som får prisen. Jurymedlemmene skal kjenna til historia om Pilt-Ola og ha god kjennskap til nærings- og samfunnsliv i Ryfylke. Ikkje meir enn ein av jurymedlemmene kan vera styremedlem i Ryfylkealliansen, og han/ho kan ikkje vera juryleiar.

§ 5

Prisen skal ha høg kvalitet, som til dømes eitt av Svein Magnus Håvarstein sine arbeid knytt til Pilt-Ola.

§ 6

Styret i Ryfylkealliansen forvaltar desse statuttane og vedtar også endringar. Endringane må vera i tråd med Pilt-Ola si ånd, ref. § 1. § 1 kan ikkje endrast.

Ved ei eventuell framtidig endring av det formelt organiserte interkommunale samarbeidet i Ryfylke, har Ryfylke IKS eit særskilt ansvar for at Pilt-Ola prisen får ei god ryfylkeforankring.

Pin It on Pinterest