Podcasten: På ekta!

Det er namnet på Ryfylkepuls sin podcast. Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta.

Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg . Kort og godt innhaldsrike historier om alminnelege, spennande personar. Samtidig er «På ekta» eit skråblikk på ryfylkingen, både i og utanfor Ryfylke. Dette er herlege møte uansett kva forhold du måtte ha til Ryfylke.

Midt i april kjem neste utgåve «På ekta». Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien. Og han har bestemt seg for å halda ut. Ja, kva er det som gjer at du står i stormen, sjauen og spetakkelet år ut og år inn, og ikkje bare gir deg. Me møter Rolf Magne Haukalid frå Forsand. Han har kjempa mot kommunesamanslåing av Forsand og Sandnes, både før og nå når det er ein realitet. Skal han aldri gje seg? Me legg politikken sånn nokon lunde til sides, og blir betre kjent med bonden, veterinæren og familiefaren Rolf Magne på Forsand. 

Podcasten høyrer du her på nettsida, eller på bl.a.Spotify og Apple Podcast.

Ryfylkepuls sin podcast «På ekta» blir produsert av Ryfylkealliansen, i samarbeid med Sparebanken Vest og Rogaland Fylkeskommune.

Pin It on Pinterest