Preikestolen sine gode hjelparar

aug 24, 2023 | Framside, Nyhende

Nok ein gong går det mot rekord. 2023 er året flest folk har gått til Preikestolen. Ryfylkepuls har verkeleg tatt pulsen på korleis dei besøkande opplever turen. Eit herleg møte med folk frå mange ulike nasjonar. Og først og fremst blir me kjent med alle dei gode hjelparane som passar på stien, parkeringa, toaletta, trafikken, bygga og folka. – For utan dei tilsette og alle sommarvikarane, ville dette maskineriet og puslespelet ikkje vore mogleg, slår Helge Kjellevold fast. Han er dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen og påstår området toler trøkket framover, så lenge ein kan få spreidd dei besøkande ut over døgnet og ut over året. Gled deg til Preikestolen Ryfylkepuls spesial, med engasjement, temperatur og beautiful stemning.

Arkiv

Relaterte innlegg

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Søknadsfristen nærmar seg!

Søknadsfristen nærmar seg!

1.mars er fristen for å søkja om plass ved dei vidaregåande skulane, og i Ryfylke har me to av desse.  Strand vgs er ein skule som ligg sentralt på Tau i Strand kommune. Med visjonen "Det beste i den enkelte" er tilsette ved Strand vgs opptatt av og bevisste på å sjå...

Spring for livet

Spring for livet

Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre.   Gjer deg klar for...

Pin It on Pinterest

Share This