Premiere på Ryfylkepuls

aug 13, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Så er dagen komen. Ryfylkepuls er ein realitet.

Få med deg Ryfylkealliansen sitt flunkande nye, digitale månadsmagasin med nettopp tittelen Ryfylkepuls. Me besøkjer Jørpeland, og blir kjent med folk, aktualitetar og moglegheiter i kommunesenteret i Strand.

Sommaridyll, ungdommeleg pågangsmot, kulturperler, frisk vind i bustadmarknaden, og kvifor fungerer det så godt med store idrettsarrangement i Ryfylke. Og me tar turen rundt i heile Ryfylke, med herlege drypp … og den nakne sanninga om Ryfylke. Og kven vinn vår instragramkonkurranse. Sendinga ligg ute her nå. Kos deg!

Lenke til sendinga: https://ryfylke.no/ryfylkepuls-sending/

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This