– Slapp av. Eg blir aldri høg på meg sjølv. Eg har beina godt planta på bakken. Mitt mål er å tilby ekte, grundig førebudde og muntre matopplevingar til alle, seier Ryfylkekokken Frode Selvaag med eit stort optimistisk smil. Under Norges største matfestival, Gladmat i Stavanger, vann han nok ein høgthengande matpris.
Han er blitt vane med utmerkingar, sandeidbuen Frode Selvaag som er blitt finnøybu. Men, få gonger er han blitt meir overrumpla enn då han på Gladmats siste dag 27. juli fekk «Ingridprisen.»
– Eg var ikkje i Stavanger ein gong. Eg var heime på Finnøy med dei to sønene våre og hadde akkurat vore på butikken. Klokka 14.45 ringte Anita Løyning (kokkekollega) og spurte om eg hadde sjanse til å koma til byen i løpet av 45 minutt. Eg trudde ho tulla og sa at det blir ikkje lett. Ho ville ikkje seia kvifor ho ringte, berre at eg måtte vera på sida av henne ved scenen på torget klokka halv fire.
I hui og hast
Då var alt fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal godt inn i førebuingane om kva ho skulle lesa opp på scenen litt etter klokka halv fire.
– Frode Selvaag spreier matkunnskap, matglede, matopplevingar, fremjar norsk matkultur og råvarer og ikkje minst har han eit stort hjarte til barna. Han har ein enorm formidlingsevne, og matkunnskapen er svært sterk.
Frode ringte barnevakt og sprang gjennom dusjen, då han hadde måla ute på altanen heile dagen.
– Eg køyrde til Stavanger. Undervegs ringte Anita og lurte på kor langt eg var kome. Då, medan eg køyrde, forstod eg at det måtte vera noko vedgåande ein pris. Eg parkerte og sprang ned til scenen, og blei møtt av nokon som gratulerte meg, fortel Frode.
Frode kom seg til torget, og forstod at det var ein pris som stod att å dela ut på Gladmat, med juryen på podiet og fylkesordføraren som førte ordet.
– Frode Selvaag er svært aktiv i arbeidet rundt rekruttering til faget, gjennom sitt engasjement i blant anna Norgescup, som er norgesmeisterfinale for kokkelærlingar i heile landet. I det høvet er han delaktig i både utarbeiding av oppgåver og sjølve gjennomføringa av konkurransen. Han er også sensor i fagprøvenemnda i kokkefaget.
Kjenslefylt
Ein smilande fylkesordførar las vidare, medan Frode heldt god avstand til scenen. Då la han merke til kona, Cathrine Selvaag, litt lenger framme. Cathrine arbeider i Gladmatstaben, og det er lite dei to ser til kvarandre under Gladmatveka.
– Cathrine visste heller ingen ting, og var heller ikkje klar over at eg hadde kome meg til byen. Då ho forstod at eg var prisvinnaren, snudde ho seg mot skuldrene til gladmatsjef Maren Skjelde og grein. Så såg Cathrine meg, og då grein eg også … Det var ei stor oppleving, seier Frode kokk.
– I tillegg jobbar Selvaag med Norsk Smaksskule og reiser verda rundt og formidlar kunnskap om norske råvarer og då spesielt norsk fisk. Med andre ord, ingen jobb er for liten eller for stor for Frode Selvaag. Ingridprisen blir delt ut av Rogaland fylkeskommune og er oppkalla etter vår alles kjære «matmor» Ingrid Espelid Hovig. Prisen skal oppmuntra og inspirera kokkar og bidra til omdømmebygging rundt kokkefaget. I så måte er det vel knapt ein meir kvalifisert vinnar i matfylket Rogaland!
Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal kalla Frode Selvaag opp på scenen, klemmen var stor og kjenslene mange for ein som for ein time sidan hadde tankane på helgehandel, husmåling og aktivisering av to søner på Finnøy.
– Det er stor stas å vinna ein pris som har nasjonale vinnarar frå før. Det å få utmerkinga for engasjement mitt for dei unge, er ekstra stas. Eg er stolt og audmjuk, kjem det inderleg frå Frode når han har fått pris-«sjokket» litt på avstand.
Ingen over Ingrid
Og ja, det er ekstra gromt å vinna ein pris knytt til Ingrid Espelid Hovig.
– Eg møtte Ingrid fleire gonger. Men, første gongen var det mest spesielle. Ho var på Tomatfestivalen på Finnøy for 10 år sidan, og kom til Hjelmeland etterpå der eg var kjøkkensjef for Spa-hotell velvære. Du kan seia eg var nervøs då eg skulle servera henne middag. Men, ho åt heile åtte-rettaren eg hadde førebudd. Dagen etter fekk eg visa henne Ryfylke då eg køyrde henne til flyplassen på Sola. Ho minna meg alltid på måltidet og køyreturen dei gongene me møttest i ettertid. Det er ingen over Ingrid for meg, konstaterer Frode Selvaag.
Nå har han altså vunne prisen Rogaland Fylkeskommune har kalla opp etter heile Norges matmor. Ein pris som føyer seg i rekkja av Årets Kjøkkensjef i Norge 2017, Merkevareprisen Ryfylke 2012, Gladmat sin matformidlingspris 2013 – for å nemna noko. Det er all grunn til å bli høg på seg sjølv.
– Det er nok særs liten sjanse for det, for eg har beina stort sett trygt planta på jorda, fastslår Frode.
– Og neste mål for Ryfylkekokken?
– Det er mange delmål i Ryfylkekokken framover. Eg gler meg over mange og ulike oppdrag i tida som kjem. Men det er klart, prisen gjev meg endå større tru på at det me gjer er rett. Tilby ekte, grundig førebudde og muntre matopplevingar til alle! Neste mål må nasjonalt sett bli å få fart på skulematen, noko eg brenn for! Ungar treng rett mat for å kunna prestera i ein hektisk skulekvardag. Ernæring gir læring, meiner Ryfylkekokken Frode Selvaag klart og tydeleg, på veg til sitt neste måltid!
- Tomatar og prisar er to sider av same sak for Frode Selvaag. Med ferske finnøytomatar «hima på» Landahuset viser han stolt fram Ingridprisen, som han mottok frå Rogaland Fylkeskommune under årets Gladmatfestival. Foto: Tor Øyvind Skeiseid
- Godt tak om prisen!! Nå er den Frode Selvaag sin! Foto: Rogaland Fylkeskommune
- Frode Selvaag har nettopp mottatt Ingridprisen frå fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (f.v.) og president i Nordics Chef Association, Kristine H. Hartviksen. Foto: Rogaland Fylkeskommune