Pulserande perlå Sand

sep 10, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Kos deg med magasin to av Ryfylkepuls. Og i denne septembersendinga tar me pulsen på Sand i Suldal. Her kjenner ein framleis lukta av OL-gull. Korleis?

Vel, sand på Sand er ein suksess. Det er også kopling mellom næring, skule og det offentlege. Laksen har hoppa godt i Sandsfossen i år, og næringslivet på Sand blømer verkeleg. At ferja forsvann, har ikkje lagt dempar på handle- og kjøpelyst i strandstaden Sand. Og plutseleg blei det ny satsing både på tradisjonsrik fjord og lokal mat.

Det er krefter i sving på Sand og i Suldal. Energien er til å ta og føla på.

Lenke til sendinga: https://ryfylke.no/ryfylkepuls-sending/

Arkiv

Relaterte innlegg

Merkevareprisen 2021 til Helgøy Skyssbåt AS

Merkevareprisen 2021 til Helgøy Skyssbåt AS

Ryfylkealliansen deler kvart år ut Merkevareprisen Ryfylke til ei verksemd som har utmerka seg ved å bidra til å løfta Ryfylke opp og fram. Prisen blei delt ut på Arena Ryfylke på Hjelmeland. For 14. gong blir Merkevareprisen Ryfylke delt ut. Merkevareprisen skal gå...

Verdsklasse i Hjelmeland

Verdsklasse i Hjelmeland

Episode fire av Ryfylkepuls er på lufta. Bli med til Hjelmeland der ein med rette kan skryta på seg å vera i toppen i verda. Røykelaks, sider og jærstol – best og størst. Og verdas første hydrogenferje går nettopp i Hjelmelandssambandet. Nå blir det også satsa på...

Pilt-Ola prisen 2021 til Gunvor Fiskå

Pilt-Ola prisen 2021 til Gunvor Fiskå

Ho er samfunnsengasjert, og har alltid vore oppteken av å få ungdom i arbeid og brenn for faget sitt. Gunvor Fiskå frå Jørpeland er tildelt den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen. Fylkesordførar Marianne Chesak delte ut prisen under Arena Ryfylke på Hjelmeland...

Pin It on Pinterest

Share This