Endeleg var siste lag klare for quizfinalen. Ein utsett skulefinale på Finnøy, grunna raudt smittenivå i Stavanger, kunne til slutt haldast. Og ja, finnøybuen er også skarpe i kunnskap om Ryfylke. Dette var skulen som har levert best snittresultat av alle skulane. I tillegg var det høgt nivå til dei tre laga i finalen, nemleg «Ryfylkejegarane», «Pegasus» og «Er det her det er party?». Hovudfinalen starta jamt, med høg score for alle tre laga på dei første oppgåvene. Deretter stakk «Er det her det er party» frå i andre temarunde og såg seg aldri tilbake. Benjamin Eggebø, Sanne Lyse og Adele Moltu kunne triumfera med total 95 % rett på oppgåvene.
– Me har øvd mykje. Veldig mykje. Me har delt pensumet opp i tre og hatt kvar våre ansvarsområde, forklarer Benjamin. – Og så har me hatt mange treff på den digitale kanalen «meat». Me har laga spørsmål til kvarandre, legg Sanne og Adele til.
Me ønskjer «Er det her det er party?» lukke til i vår direktesende superfinale 2. juni kl. 12.00!


Den store quizfinalen mellom alle skulane skjer på Forsand 2.juni. Dette blir litt av eit opplegg du ikkje vil gå glipp av! I år som i fjor, kan du følgje med på superfinalen live på våre nettsider!
Kva skal ein gjere mens ein ventar på 2.juni? Jo – test dine eigne ryfylkekunnskapar på våre nettsider og bli med i trekninga av flotte premiar!