Over 700 semitrailerar skal frakta betongelement frå Forsand til Austlandet. Bustadkonseptet i Lørenskog er det største enkeltoppdraget for bedrifta nokon sinne. Og sjølvsagt er lokal sand hovudingrediensen.
– Det er ein enorm logistikk som skal på plass for å få dette til å fungera, understrekar konstruktør Irene Pollestad i Norsk Spennbetong på Forsand.
Saman med sine kollegaer skal ho sørga for at prosessen skal gå smertefritt føre seg. Betongelementa blir lagde ferdige på Forsand, og frå første februar går trailerane skyttel mellom Forsand og Lørenskog like aust for Oslo. Når adventstida kjem, skal oppdraget vera ferdig.
– Det er over 3 500 element som skal fraktast bort. Og det er alt frå dekkeelement, veggelement, trapper, svingtrapper, balkongar og meir. Det skal byggjast seks store bustadblokker, med etasjar både over og under bakkenivå, i tillegg til eit stort parkeringsanlegg, fortel Irene Pollestad.
– Enorm logistikk og det største oppdraget me har hatt nokon gong, slår Irene Pollestad og Bård Hansen i Norsk Spennbetong fast.
Ein tredel av produksjonen
– Oppdraget utgjer vel ein tredel av heile produksjonen vår for 2022, forklarer driftssjef Bård Hansen. Han har sett ein klar auke i både etterspurnad og oppdrag dei siste åra. Verksemda har levert element til kulvertar, kaielement, element til bustad og bygg, ja til og med sykkelvelodromen på Sola.
– Nå går det mykje element til bruer, over alt i landet. Det er komen ein ny nasjonal standard på brubjelkar. Så nå har me utvida dei såkalla spennbukkane våre, slik at me kan laga lange brubjelkar, seier Hansen.
Dagleg leiar Idar Heskestad veiftar med nokre papir, og ser spørjande på Bård Hansen:
– Har me kapasitet til å leggja inn tilbod på denne jobben?
Begge blir samde om at Norsk Spennbetong sjølvsagt legg ein inn tilbod. Ein treng ikkje bli hovmodige, sjølv om ein har mykje å gjera.
Arbeidet ved Norsk Spennbetong er i full gang. Første februar går første semitrailer med betongelement ut frå Forsand. Det skal køyrast over 700 trailerar til Lørenskog i løpet av 2022
Lokal sand og lokal tilhøyrsle
Hovudråvara i betongelementa kjem frå nabobedrifta Forsand Sandkompani. For er det noko Forsand er kjent for, er det sand. Då isen trekte seg tilbake for 10 000 år sidan, låg det sand av ypparste kvalitet igjen.
– Me har tatt ut sand frå Fossanmoen sidan 1964. Det er god kvalitet på sanden og me får mange gode tilbakemeldignar for produkta våre, både når det gjeld mørtel, samt og singel, fortel dagleg leiar i Forsand Sandkompani, Rune Haukalid.
Norsk Spennbetong står for 10 prosent av sanden sandkompaniet sel.
– I tillegg bruker jo me sjølv om lag 15 prosent av det totale uttaket av sand i vår mørtelproduksjon. Det er kjekt at me får brukt ein fjerdedel av råvarene lokalt, påpeikar Haukalid.
– Sanden er av beste merke, slår Bård Hansen i Norsk Spennbetong fast, og er svært nøgd med det nabobedrifta leverer.
Verksemdene er solide arbeidsplassar sør i Ryfylke. Forsand Sandkompani har 20 tilsette, medan Norsk Spennbetong tel 85 medarbeidarar. Dei tilsette kjem frå mange land, fleire verdsdelar, og ikkje minst fleire stader i Ryfylke. Fleire og fleire av dei utanlandske medarbeidarane har også slått seg ned i Ryfylke, med familie, hus og heim.
– Det er gildt at så mange av dei utanlandske kollegaene våre har busett seg her. Det tyder på at dei trivst på jobben og i bygdene i Ryfylke. Det i seg sjølv er med og skapar eit betre arbeidsmiljø, enn når det blir rotert ut og inn med folk. Me merkar det tydeleg på miljøet hjå oss. Folk vil vera her, avrundar Irene Pollestad i Norsk Spennbetong.
– Sanden er av svært god kvalitet, slår Rune Haukalid i Forsand Sandkompani fast. Det er verkeleg lokale råvarer i betongen som går ut frå Forsand.