Elevane har spelt hovudrolla når Strand vidaregåande skule har rekruttert for neste skuleår. Når yrkesmesser og hospitering forsvann, blei snapchat løysinga, ei løysing som gav gode resultat.
– Me viste litt kva me gjer i kvardagen. Det var mange ungdomsskuleelevar som såg filmane me la ut og følgde med.
Adrian Wollum snakkar energisk om rekrutteringsprosjektet før jul. Han er førsteklassing ved Strand vidaregåande skule og stortrivst på skulen.
– I ungdomsskulen blei eg fortald at dette er ein god skule. Det stemmer, understrekar han, og får klare nikk frå klasseveninna Solfrid Lønning Madsen.
– Her er fridom, god kantine, kjekke fag, kjekke lærarar og godt miljø, understrekar Solfrid.
Dei er begge frå Jørpeland, og fekk sjølve besøkja skulen då dei skulle vurdera skuleval. Det har ikkje årets 10. klassingar fått høve til. Korona har sett ein stoppar for det meste.
Snapchat og korslag
– Elevrådet kom på ideen om at me måtte ta i bruk det sosiale mediet snapchat, fortel avdelingsleiar Helge Malmberg, som sjølv har ansvaret for elektro og datateknologi, samt teknologi og industrifag.
Han held fram:
– I sju veker før jul var det elevane som presenterte skulen. Kvar studieretning hadde ei veke kvar til å marknadsføra si linje. Ja, elevane styrte heile snapchatkontoen til skulen, og la ut foto og film frå skulekvardagen. Me hadde over 1 000 følgjarar, smiler ein nøgd avdelingsleiar.
Strand vidaregåande skule har også hatt ein herleg tradisjon i fleire år med klassetevlinga «det store korslaget» siste skulekveld før jul. I år blei arrangementet sendt direkte på nettet, med mange sjåarar.
– Dette er god marknadsføring av skulen. Me har også laga videoar av alle studieretningane våre, filmar som ligg på heimesidene våre, konstaterer Helge Malmberg.
Han er glad skuleleiinga tidleg i haust tenkte at tradisjonelle yrkesmesser, hospitering og skulebesøk ikkje ville la seg gjennomføra. Dermed måtte ein hiva seg rundt og tenkja annleis.
Gode tal
– Og resultatet?
– Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars, hadde me fleire primærsøkjarar enn for eitt år sidan. I fjor hadde 649 elevar søkt på skulen vår. Talet i år er 672, smiler Helge Malmberg nøgd.
Han er både stolt, letta og glad. Ikkje minst når han veit at 2005-kullet er historisk lågt i Ryfylke. Det betyr at mange ryfylkeungdomar har søkt på skulen, i tillegg til at fleire og fleire frå Stavanger søkjer. Ryfylketunnelen, som knyter Stavanger til Ryfylke, har gjort reisevegen til Tau svært kort, ikkje minst for ungdomane frå kommunedelen Hundvåg i Stavanger.
– Naturbruk held fram med å auka i popularitet. Havbruk er in. Og me må auka tal klassar på VG2 Akvakultur, slår Helge Malmberg fast, og veit at fleire av linjene har fleire søkjarar i år enn i fjor.
Digital open dag, tilgjengelege filmar og ikkje minst elevengasjement har gjort at skulen framleis er populær.
Adrian Wollum og Solfrid Lønning Madsen går sjølv på studiespesialisering og trur dei kan ha påverka ungdomsskuleelevar positivt når det vanskelege skulevalet skulle gjerast.
– Me har i alle fall anbefalt skulen til 10. klassingar, fortel Solfrid.
– Eg trur det me gjorde med snapchat var ei god løysing, meiner Adrian.
– Me har lært masse om nye medium det siste skuleåret, erfaringar som me garantert tar med oss også til neste skuleår, avrundar Helge Malmberg.