Rødne nominert til gjev miljøpris for Rygerelektra

apr 24, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Nå kan du røysta Rødne fram som vinnar av Siva-prisen 2020. Reiarlaget frå Ryfylke er ein av sju nominerte bedrifter til denne innovasjonsprisen, som løftar fram verksemder som har fått vekst gjennom grøn omstilling. 

Torsdag 23. april kom Rødne sitt siste skot på stamma, «Rygerelektra» seglande inn byfjorden til kaien i Stavanger. Me snakkar om den raskaste elektriske hurtigbåten i verda, som også har lengst rekkevidde. Det er eit stort sprang for selskapet, som starta i det små med skuleskyss i Sjernarøyane i 1956. Rødne blei etter kvart den største arbeidsgjevaren i tidlegare Finnøy kommune. Finnøy er i dag ein del av Stavanger kommune, og Rødne er by og land og sjø om ein annan. Hovudkontoret til Rødne er framleis i Sjernarøyane, med avdelings- og salskontor i Stavanger og Bergen.

Sjå båten på fjorden her:

Foto og film: Samferdselsfoto/Tor Arne Aasen

Dersom du vil stemma på Rødne kan du gje dei stemme her.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This