Ryfylke i desse koronatider

mar 16, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Koronaviruset fører til store endringar i kvardagen vår. Og Ryfylke slepp ikkje unna.

Det beste me kan gjere i desse tider, utanom å ta godt vare på kvarandre (!), er å fylgje råda som blir gitt frå Folkehelseinstituttet og frå dei som styrer i landet vårt. Det vere seg både storting, regjering, fylke og kommunar.

Og det er mange restriksjonar som no blir satt i gang for å avgrense smitta mest mogleg.

«Stengde» kommunar
Stavanger Aftenblad melder at Hjelmeland og Suldal kommunar innfører krav om karantene for innbyggjarar som har vore utføre Rogaland. Det same gjeld innbyggjarar som har vore på besøk i desse rogalandskommunane:
Karmøy, Haugesund, Randaberg, Sola, Sandnes (unntatt gamle Forsand kommune), Stavanger (unntatt gamle Rennesøy og Finnøy Kommune), Hå, Time, Gjesdal og Klepp.

Ikkje reis på hytta uansett
Alle hytteeigarar blir oppfordra til å halde seg heime, sjølv om hytta er i eigen kommune. Dette presiserer ordførar i Stavanger, Kari Nessa Nordtun. Det er mange frå Stavanger som har hytte i gamle Finnøy og Rennesøy kommunar, og desse blir altså også bedt om å halde seg heime.

Ingen billettering på ferjer og hurtigbåtar
Øyposten melder at ferjer og hurtigbåtar ikkje lenger tek betaling ombord. Det vil i praksis seie at ferjeturen blir gratis. Alle som reiser med ferja blir også bedt om å halde seg i bilen under overfarten.
Skal ein reise med hurtigbåt må ein førehandsbestille billett.

Preikestolen stengt
Preikestolen blir stengt for folk som kjem frå utføre regionen. Dette blir meldt på Preikestolen si offisielle Facebookside.

Men heldigvis er det fortsatt mykje flott natur i Ryfylke som er ope for den som vil lufte seg! Og det er viktig i ei tid som denne. Berre pass på å halde avstand til andre turgåarar 🙂
Det aller viktigaste me kan gjere i desse tider er som sagt å ta vare på kvarandre. Så ta ein telefon til ein som er i karantene, ta handleturen for ein som ikkje kjem seg ut, hjelp til der du kan!

Arkiv

Relaterte innlegg

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW. 2....

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Pin It on Pinterest

Share This