Ryfylke sjarmerte sommar-Norge

jul 28, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

I strålande sol, eit mylder av folk og fantastiske omgjevnader snirkla NRK sin sommarbil seg frå Saudafjellet til Lysebotn sist veke.

Time etter time blei heile Norge kjent med store delar av kjente og ukjente stader i Ryfylke. Ein marknadsverdi for regionen som ikkje kan målast i pengar. Overalt blei programleiarane Finn Tokvam og Øyvor Bakke mottatt som folkeheltar av begeistra og nysgjerrige ryfylkingar og gjeste-ryfylkingar. Og frå dei tusen sjåarheimar kom twittermeldingane på skjermen om kor fantastisk Ryfylke er og måtte vera.

Har du ikkje sett NRK Sommarbilen sine minutt for minutt i Ryfylke? Eller vil du sjå på ny, ja då må du gå inn her:

https://tv.nrk.no/serie/sommerbilen-minutt-for-minutt

På biletet øverst ser du Kristina Skjeivik, som får solbriller av Øyvor Bakke i sommarbilen.

Les meir på www.ryfylke.net, www.suldalsposten.no, og www.strandbuen.no

Arkiv

Relaterte innlegg

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke? Ein av dei me tok ein prat...

Pin It on Pinterest

Share This