Ryfylke viste seg fram

jun 19, 2018 | Framside, Ryfylkealliansen

Ryfylke Safari baud på mange høgdepunkt då turoperatørar frå heile verda gjesta Ryfylke sist veke.

Ja, for Ryfylke var tydeleg til stades då NTW blei arrangert i Stavanger. NTW står for Norwegian Travel Workshop, og er ei stor samling der norske og utanlandske turoperatørar møter reiselivsbransjen. Nå skal ein gjera seg lekker. Sist måndag var 18 nysgjerrige turoperatørar frå inn- og utland på safari i regi av Reisemål Ryfylke. Jon Arne Helgøy fekk reiselivsfolket trygt rundt i ryfylkebassenget. Det innebar mellom anna tur til eplemostprodusent Elisabeth Grønvik på Grønvik Gard, til Sterling White Halibut sit kveiteanlegg i Jøsenfjorden, lunsj på Spa-hotell Velvære på Hjelmeland og strandhogg på Jørpelandsholmen. Det var mange som fekk idear om kva dei kan ta med sine kundar på når det gjeld opplevingar i Ryfylke. Og maten, – den var det både nok av og av beste merke!

Arkiv

Relaterte innlegg

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Kva er jul i Ryfylke for deg?

Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...

Pulserande Arena Ryfylke

Pulserande Arena Ryfylke

Bli med på innsida og utsida av storarrangementet Arena Ryfylke, nesten som julaftan, nasjonaldag og bursdag på ein gong i Ryfylke. Denne gongen på Tau i Strand kommune. Temaet var Verdien av vekst. 130 deltakarar møtte opp...

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023

Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...

Pin It on Pinterest

Share This