RYFYLKEALLIANSEN
RYFYLKE-
ALLIANSEN
Ryfylkealliansen er ei foreining som jobbar for å styrka samhald internt og gjera Ryfylke kjent eksternt. Om lag 175 medlemer jobbar saman og brukar stolt ryfylkelogoen. Medlemene er små og store bedrifter, festivalar, kommunane, enkeltpersonføretak og organisasjonar.
Om RyfylkeALLIANSEN
Ryfylkealliansen har til oppgåve å fremja identitet, bulyst og verdiskaping i Ryfylke gjennom langsiktig merkevarebygging.
Ryfylkealliansen skal ta vare på og styrka medlemsmassen med aktivitetar og tiltak som fremjar samarbeid, samhandling og tilhøyrsle. Gjennom å sjå medlemmene og gjera dei meir synlege skal me sikra mobilisering og engasjement framover. Gjennom å forma aktivitetsmodellar som sikrar eit ressursgrunnlag som er meir enn medlemsavgift og offentlege tilskot, skal alliansen utvikla seg som organisasjon.
Strategien skal gi auka handlingsrom og gjera alliansen meir robust og meir attraktiv som medlemsorganisasjon og samarbeidspartnar. Ryfylkealliansen vil fokusera på å sikra det som er skapt til nå og fungerer godt. Det er Arena Ryfylke og andre interne tiltak og arenaer som bidreg til å byggja lag og gjera kjent varer og tenester frå Ryfylke for verksemder i Ryfylke. Den gode alliansekjensla som fleire peikar på som viktig og verdifull skal sikrast og styrkast. Ei sentral utviklingsoppgåve er å nå ut over oss sjølve.
Ryfylkealliansen må møta medlemmene sine ønskje om sterkare marknadsføringsføring av tenester, produkt og opplevingar frå Ryfylke utanfor Ryfylke. Målet er vekst, auka etterspurnad og betre felles omdømme. Me må investera i tydelege bodskap, nye kommunikasjonsmodellar og nye aktivitetar for å møta forventningane og nå målet.
VEDTEKTER
Vedtekter for Ryfylkealliansen
1. Ryfylkealliansen er ei foreining som gjennom langsiktig merkevarebygging skal fremje identitet, bulyst og verdiskaping i Ryfylke.
2. Kommunar, bedrifter, institusjonar, organisasjonar og andre som sluttar seg til formålet og vedtektene kan bli medlem i Ryfylkealliansen. Søknad om medlemskap blir behandla av styret. Styret forvaltar eigne retningslinjer for medlemskap og eksklusjonar.
3. Ryfylkealliansen forvaltar Ryfylkelogoen og bruker nettstaden www.ryfylke.no på vilkår som går fram av avtale mellom merkeeigaren Ryfylke IKS og Ryfylkealliansen.
4. Kvar medlem betalar ein årleg medlemskontingent. Medlemskap i Ryfylkealliansen gir rett til bruk av Ryfylkelogoen i samsvar med fastsett profilmanual. Ved manglande innbetaling av avgifter eller bruk av logoen i strid med formålet kan styret seia opp medlemskapen.
5. Årsmøtet er høgste organet til Ryfylkealliansen. Årsmøtet blir halde innan utgangen av mai kvart år. Innkalling til årsmøtet skal skje tre veker før møtet. På årsmøtet har kvar medlem ei røyst.
Årsmøtet godkjenner årsmelding og rekneskap for føregåande kalenderår, vedtar medlemskontingent for inneverande år, samt vel styre og valnemnd for komande periode.
Valnemnda skal ha 3 medlemer. Første gong blir to av desse valde for 2 år, ein for eitt år. Deretter blir medlemer valde for to år om gongen. Årsmøtet vel leiar for valnemnda.
6. Styret har ansvar for iverksetting av handlingsprogrammet, leggja fram budsjett og årsrekneskap, og rapportering til årsmøtet.
Styret er samansett av 6 medlemmar og 2 varamedlemer som blir valde slik:
Ryfylkerådet oppnemner eit politisk vald styremedlem.
Dei resterande fem og varamedlemene blir valde av årsmøtet.
Leiar blir vald kvart år for eit år om gongen.
Styremedlemmane blir valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. Første gongen blir to valde for eit år og to for to år.
Varamedlemmane blir valde for eitt år om gongen. 1. vara møter fast.
Ved likt stemmetal, har styreleiar dobbeltstemme.
7. Dersom Ryfylkealliansen blir oppløyst vil midlane tilfalla ideelle organisasjonar i Ryfylke. Ved evt oppløysing vil eit simpelt fleirtal i styret avgjera kva for organisasjonar pengane går til.
8. Endring av vedtektene kan gjerast på ordinært årsmøte med 2/3 fleirtal av dei frammøtte. Kvar medlem/medlemsbedrift har ei stemme.
GRAfisk profil
Her er den nye profilmanualen for Ryfylkealliansen og logoar for nedlasting:
NEDLASTINGAR:
Last ned profilmanualen her LENKE
Logo Ryfylke for skjerm LENKE
Logo Mitt Ryfylke for skjerm LENKE
Logo Ryfylke for trykk LENKE
Logo Mitt Ryfylke for trykk LENKE
EMNEKNAGGAR/HASHTAGS
Legg ein ut bilete på Instagram eller skriv ein artikkel på Facebook så kan ein merka dei med såkalla emneknaggar. Ein emneknagg startar med teiknet # og så ordet, t.d. #ryfylke. Då vil alle bilete eller artiklar som er merka med same emneknagg kunne synast saman.
Ryfylkesongen

Ryfylkebussen

Kontakt
ANDRE KONTAKTPERSONAR
Helge Kjellevold
Styreleiar
Helge Malmberg
Styremedlem
Ivar Johannes Handeland
Styremedlem
Maren Fossaa Viga
Styremedlem
Sissel Marie Bjerga
Styremedlem
Anita Husøy Riskedal
Styremedlem
Terje Bjørndal
Styremedlem 1. vara
Aasta Eik-Nes
Styremedlem 2. vara
Aktuelt frå RyfylkeALLIANSEN
Kva er jul i Ryfylke for deg?
Det er konkurransetid i Ryfylke! Denne gongen lurar me på kva jul i Ryfylke er for deg?Nokon forbinder jul i Ryfylke med julegrantenning i bygda, andre tenkjer på sjølvhogst av juletre. Kanskje er du ein av dei som bakar sju sortar julekaker med mor for å få...
Erik Danielsen er vinnar av Pilt-Ola prisen 2023
Foto: Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylkealliansen Han har stått i bresjen for utbygging av skule og idrettshall, og bidreg stort til at Strand vidaregåande skule er med å setja Ryfylke på kartet. Erik Danielsen frå Jørpeland er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga...
Merkevareprisen Ryfylke 2023 tildelt Asbjørn Birkeland
Styreleiar i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Asbjørn Birkeland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Tau 14.november. Det er ein tydeleg, triveleg og trufast ryfylking som får Merkevareprisen Ryfylke i 2023. Sidan 2015 har Asbjørn Birkeland...
På ekta!
Det er namnet på Ryfylkepuls sin nye Podcast. Tor Øyvind Skeiseid møter vanlege folk frå Ryfylke, med sine meir eller mindre vanlege historier; heilt på ekta. Det blir galskap og glede, kvardagsfest og nedturar, lidenskapleg, jordnært og ærleg. Kort og godt...
Høg puls i Ryfylkequizen
Skulefinalane i Ryfylkequizen inneheldt engasjement, vinnarvilje, oppturar og fortviling. For det er ingen tvil om at konkurransen om å koma til storfinalen i Sauda er tøff. – Elevane har vist fantastisk innsats og imponerande kunnskapar, slår Kristine Olsen i...
Merkevareprisen Ryfylke 2022 tildelt Norsk Juletreservice
Styreleder i Ryfylkealliansen Helge Kjellevold delte ut prisen til Norsk Juletreservice ved Mikal Hetland (på biletet over) på Arena Ryfylke på Jelsa 9. november. Årets vinnar er stolt over å ha beina godt planta i Ryfylke, samtidig som blikket rettar seg utover eigen...
Per Inge Fjellheim er vinnar av Pilt-Ola prisen 2022
Foto: Benjamin Nordhagen, Portal Norge Han har lagt til rette for folkefest og folkehelse i årevis, og på same tida sett Ryfylke på kartet nasjonalt. Per Inge Fjellheim frå Sauda er vinnaren av den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen 2022....
Juryen si grunngjeving
Foto: Benjamin Nordhagen, Portal Norge Vinnaren av Pilt-Ola prisen 2022 har i årevis lagt til rette for opplevingar og turgleder for tusenvis av menneske. Med tungt fysisk arbeid, blikk for organisering og teft for å få med samarbeidspartnarar, har han skapt eit...
Mens me ventar på Pilt-Ola
Bilete over: Gunvor Fiskå frå Ryfylke bakeri & konditori tok imot Pilt-Ola prisen 2021 frå fylkesordførar Marianne Chesak. Men, kven vinn i år? Nei, me ser ikkje spøkelse på høglys dag. Ole OIsen Sangesand, eller Pilt-Ola om du vil, levde for 200 år sidan. Men,...
Verdige kandidatar til Ryfylke-pris
Bilete over: Det var Helgøy Skyssbåt som vann prisen i 2021. Men, kven vinn Merkevareprisen Ryfylke 2022? På biletet ser du administrasjonsleiar Ståle Halsne i Helgøy Skyssbåt smila godt etter fjorårstildelinga. Blir det mat, museum eller juletre som blir vinnaren når...
– Me vil bli fleire og yngre!
Ja, det er overskrifta når me inviterer til den årlege storsamlinga Arena Ryfylke onsdag 9. november. Denne gongen på Jelsa i Suldal kommune. Fokus er på nærings- og bustadattraktivitet i Ryfylke, og programmet er både omfattande, variert, spennande og artig. Det er...
Fullklaff for Pilt-Ola
Storarta skodespel, ståande applaus og strålande sol summerte Lysefjordspelet om Pilt-Ola i pinsehelga. Publikum fekk både turglede, kulturoppleving, verdspremiere og historieformidling i ein og same snippsekk. - Nå er me berre glade og letta over at det har...
Me gratulerer årets vinnarar av Ryfylkequizen!
Etter ein intens finale, var det Stay Keeg frå Sand som til slutt stakk av med sigeren. Då vinnaren skulle avgjerast ende både Sand og Tryggheim Strand med 51 poeng, av 57 moglege. Det var difor, for fyrste gong i Ryfylkequizhistorien, nødvendig med bonusoppgåver for...
Teknologihovudstaden Tau
Testsenter for dronar og systemhus for elektronikk. Det kan sjå ut som jobbing med dingsar og små detaljar, men er strengt tatt det fremste innan teknologi på kloden. Det er ikkje farleg å bruka store ord når ein er på Tau. I dagens Ryfylkepuls skal me også besøkja...
Det gror og veks på Tau
Treng du pågangsmot, optimisme og vilje, samt eit folkeferd som vågar å seia at verdsklassen finn du nettopp her? Då skal du dra til Tau, og bli kjent med dei som satsar, ryddar, legg til rette, fiskar, byggjer og utviklar. Om ferja er vekke, har tunnelen skapt glød...
Fjord, fjell og fleire årstider
Ryfylkepuls har sett kursen for Erfjord, bygda som mange køyrer rett gjennom langs riksveg 13. Derfor er det ei glede å presentera skattane frå sjøkanten og til høgfjellet. For det er det me gjer. Bli kjent med dei som satsar på fjordsafari og dei som har fått ny...
Heseblesande innspurt
- Me skal vera heilt ferdige til niande april. Ja, me MÅ vera ferdige då. For gjestane dei har meldt at dei kjem, smiler Bjørn Moe litt smånervøs. Jelsa Hotell rustar seg for opning. Kven hadde trudd at Jelsa bu- og omsorgssenter skulle bli hotell? Då aldersheimen...
Stort og lite, søtt og friskt
Jelsa er den idylliske tettstaden og det gigantiske steinbrotet. Det er tonnevis av stein og bøttevis av optimisme. Nytt hotell, jordbærsatsing, eplemost og tettstadutvikling. Og kva er dette vindmølleprosjektet utpå Berakvam? Ja, det som kan bli det største...