Ryfylkefondet gjev raust til festivalar – også utan gjennomføring

apr 17, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen, Ryfylkefondet

Styret i Ryfylkefondet har vald å bruka ein halv million kroner på festivalar og arrangement i Ryfylke i 2020. Festivalane får også pengane, sjølv om arrangement blir avlyst grunna koronarestriksjonar.

Meldinga om avlyste festivalar var kjip. Men, nå kjem ei gladmelding. Og mange bruker ordet «raust» når ein skal skildra det vedtaket Ryfylkefondet gjorde veka etter påske. Sjølv om fleire festivalar alt er avlyst, og fleire kjem til å li same lagnad, får arrangementa pengar.

Vedtaket er som følgjer:
Styret i Ryfylkefondet forutset at den einskilde arrangør gjer dei naudsynte tiltak slik at ein ikkje drar på seg unødige kostnader mot 3. part om og når ein ser at arrangementet ikkje kan gjennomførast.
Ryfylkefondet løyver kr. 510.000 til festivalar i 2020, fordelt slik vedlagde liste syner og utbetalast sjølv om arrangement må avlysast grunna offentlege restriksjonar knytt til Covid-19 epidemien.

Som det også står i skrivet som festivalane har fått: «Det er lov å ha midlar i reserve til neste år!»
Arrangement til og med 15. juni er alt utsett eller avlyst. Regjeringa har lova at dei seinast i starten av mai gjev melding om det let seg gjera å gjennomføra festivalar resten av sommaren.

Lurar du kva og kven Ryfylkefondet er? Det er kort fortald kraftpengar frå Ryfylke og Rogaland Fylkeskommune. Styret består av ordførarane i Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes i tillegg til fylkesordføraren. Les meir om Ryfylkefondet her.

Biletetekst: Saudadagane er blant festivalane som ikkje blir avvikla i år. Men, Ryfylkefondet støttar likevel med midlar! Foto: Sauda Ferie og Fritid

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This