RYFYLKEfondet
RYFYLKE
fondet
Ryfylkefondet er ein puls og ein katalysator i Ryfylke. Fleire gonger i året delar fondsstyret ut midlar, som skal gå til utviklingstiltak for å sikra og auka busetting og trivsel i Ryfylke. Dei største pottane går til infrastruktur og næringsutvikling. Men, festivalar, kulturtiltak og andre ryfylkeretta prosjekt får stønad. Ryfylkefondet er kort og godt ein kraftbank.
Om RyfylkeFONDET
Ryfylkefondet er eit resultat av Ulla-Førre utbygginga på 1970- 80 talet. Då var det to framsynte ordførarar i Suldal og Hjelmeland som meinte at noko av konsesjonskraftmidlane som ville tilfalla Rogaland fylkeskommune burde koma Ryfylkeregionen direkte til gode gjennom eit eige fond. Og slik vart det. 10 % av krafta skulle plasserast i eit eige fond – og styrt av eit eige fondsstyre. Fondet vart etablert i 1986 med fylkeskommunen som eineinnskytar. Seinare er dette endra fleire gonger. Først ved at Suldal, Hjelmeland og Forsand gjekk inn som innskytarar i fondet, og at Lyseområdet også skulle takast med som «nedslagsfelt» for konsesjonskrafta. Frå 1.1.2013 kom også Sauda med som innskytar i fondet, og likeeins konsesjonskraftmidlar referert kraftanlegg i Sauda.
Ryfylkefondet har på sitt beste forvalta ein fondskapital på ca 55 mill. I dei seinare åra har kapitalen gått kraftig ned som følgje store løyvingar til samferdsel. Ved inngongen av året disponerer Ryfylkefondet ein kapital på ca 30 mill. Årleg inntekt for fondet var 3,7 mill. i 2015 mot 6,8 mill. i 2014. Med dagens kraftprisar er det venta at årets inntekter vil væra ca 2 mill.Ryfylkefondet sin hovudfunksjon i medhald av vedtektene og utvida retningsliner for bruk av fondet, er infrastruktur og fellestiltak i Ryfylkeregionen som har til hensikt å styrka busetjing og utvikling av næringslivet. Det er her viktig å gjera merksam på at fondet ikkje er finansiell deltakar i enkeltføretak i næringslivet. Fondet går heller ikkje inn med midlar til det ein kallar kommunane sitt primærføremål.
Styret i fondet er fylkesordføraren og innskytarkommunane sine ordførarar. Styret i Ryfylkefondet er:
- Gerd Helen Bø, ordførar i Suldal kommune og styreleiar.
- Irene Heng Lauvsnes, ordførar i Strand kommune
- Bjørn Laugaland, ordførar i Hjelmeland kommune
- Asbjørn Birkeland, ordførar i Sauda kommune
- Stanley Wirak, ordførar i Sandnes kommune
- Marianne Chesak, fylkesordførar i Rogaland Fylkeskommune.
Geir Ims er dagleg leiar i Ryfylkefondet og sekretær for styret. Administrativ leiar har fullmakt til å gi løyvingar på inntil 30.000. Dette er løyvingar som i hovudsak går som støtte til organisasjonar og enkeltpersonar innafor kultursværen og til idelle føremål av ymse slag.
Kontakt
Dagleg leiar i Ryfylkefondet er Geir Ims.
geir.ims@ryfylkeiks.no
VEDTEKTER






STYRET I RYFYLKEFONDET
Gerd Helen Bø
Styreleiar
Irene H. Lauvsnes
Styremedlem
Bjørn Laugaland
Styremedlem
Stanley Wirak
Styremedlem
Asbjørn Birkeland
Styremedlem
Marianne Chesak
Styremedlem
Aktuelt frå RyfylkEFONDET
Møteprotokoll 24.02.22
Her finn du protokoll frå møte i Ryfylkefondet 24.02.22.
Ryfylkefondet gjev raust til festivalar – også utan gjennomføring
Styret i Ryfylkefondet har vald å bruka ein halv million kroner på festivalar og arrangement i Ryfylke i 2020. Festivalane får også pengane, sjølv om arrangement blir avlyst grunna koronarestriksjonar. Meldinga om avlyste festivalar var kjip. Men, nå kjem ei...
Vil du vinna billett til Ryfastløpet?
Ryfylkefondet støttar Ryfastløpet og vil dela ut billettar til halvmaratonet til 20 heldige vinnarar! Vil du vinna? Det er veldig enkelt å delta i konkurransen. Berre fyll ut dette skjemaet, med namn, mailadresse og ein setning eller to om kvifor du er glad i Ryfylke....
Møteprotokollar for 21.02.19
Her finn du referat frå Ryfylkefondet møte 21 februar 2019. Møtereferat 21 februar 2019 - last ned her: LINK
Møteprotokollar for 26/9/18 og 5/12/18
Her finn du referat frå Ryfylkefondet hasutmøter 2018. Møtereferat 26 september 2018 - last ned her: LINK Møtereferat 5 desember 2018 - last ned her: LINK
Møtebok Ryfylkefondet
Møtebok Ryfylkefondet 25 mai 2018 Les protokoll frå Ryfylkefondmøtet 25 mai 2018. Til stades var Solveig Ege Tengesdal, Asbjørn Birkeland, Gerd Helen Bø, Bjørn Laugaland og Irene Heng Lauvsnes Forfall: Bjarte S Dagestad Sekretær: Torkel Myklebust Møtebok...
Møtebok Ryfylkefondet 5/12/17 og 22/218
Sjå møtebøkene frå dei to møtene i vedlegga under. Møtebok 5/12/17 Møtebok 22/2/17 Vedtak festivalar 2018
Løyvingar Ryfylkefondet 2017
Her finn du komplett liste over løyvingar frå Ryfylkefondet i 2017 Løyvingar Ryfylkefondet 2017
Løyvingar Ryfylkefondet fram til 31/12/2016
Frå fondsmøtet 7 desember 2016 i Stavanger Oversikt løyvingar
Løyvingar frå Ryfylkefondet
Ryfylkefondet støttar viktige tiltak - her kan du lesa meir om kva prosjekt og tiltak som er støtta dei siste åra fram til og med september 2016. Løyvingar siste 5 år frå Ryfylkefondet
Ryfylkefondet
Ryfylkefondet sa delvis ja til Forsand kommune sitt ønskje om å setja av 10 millionar kroner frå Ryfylkefondet til tunnel mellom Espedal og Frafjord. Artikkel og bilete er klippa frå Strandbuen 10/6/2016: Tunnelen mellom Espedal og Frafjord har ein prislapp på 730...
Ny leiar i Ryfylkefondet
Geir Ims tek over administrasjonen som dagleg leiar av Ryfylkefondet frå Arne Kleppa. Samstundes tek han rolla som sekretær for styret i fondet.
Ryfylkefondet – Kva er det ?
Likevel er det ikkje sikkert at alle er like godt kjent med historia, storleiken og funksjonen for fondet i dag. Ryfylkefondet er eit resultat av Ulla-Førre utbygginga på 1970- 80 talet. Då var det to framsynte ordførarar i Suldal og Hjelmeland som meinte at noko av...
Vedtekter Ryfylkefondet
Midlande skal primært nyttast til infrastruktur og elles tiltak til styrking av busettinga og næringslivet i regionen.
Retningslinjer
Fondsmidlane skal nyttast til utviklingstiltak for å sikra og auka busettinga i Ryfylkeregionen VEGLEIANDE RETNINGSLINER FOR BRUK AV MIDLAR I RYFYLKEFONDET Retningsliner for bruk av midlar frå Ryfylkefondet har sin basis i gjeldande vedtekter for fondet, og der...